Opna hovudmenyen
Flolid under arbeid på Tusenårsstaden Gulatinget
Foto: Bjarne Thune
Einar Thune helsar på Kjell Magne Bondevik under opning på Tusenårsstaden Gulatinget
Foto: Nina Aldin Thune
Deltakare i Håkonarspelet under opning på Tusenårsstaden Gulatinget
Foto: Nina Aldin Thune

Flolid er ein tidlegare kongsgard (mest truleg frå 800-talet til år 1715), ein stad i Gulen kommune i Sogn og Fjordane der Gulatinget har vore halde i 400 år, i mellomalderen.[treng kjelde] Namnet på garden har vore Floli. Rett sør ligg Guløy.

NamnetEndra

Flolid er eit gardsnamn. Garden her har heitt Floli så langt attende som det finst skriftlege kjelder. Det vart uttalt flo´li og skrive på fleire måtar. På 1800-talet var skrivemåten Flolie og Flolid. Kva namnet tyder er uklårt, men det kan koma av flolag og av flo, eller av ei skrå li som er flat i botnen. Det er truleg ikkje brukt som namn andre stader i Noreg.[1]

HistorieEndra

Flolid er ein av de eldste bustadane i Gulen, og det er funne to buplassar frå steinalderen her. Den eine buplassen skal ha lege på ei slette mellom låge bergnakkar aust-søraust for husa. Den andre skal ha lege sør for gjerdet mot Undertun.[1] Ein skal ha funne ei rekkje gjenstandar her, mellom anna eit sverd som no er forsvunne, ei gryte av kleberstein og ei krossforma hakke med skafthòl. Det har mest truleg vore gravhaug her.[1]

Det har vore ei kyrkje i området. Det er denne kyrkja som er nemnd i Håkon Håkonsons saga, kapittel 333. Soga seier at kongen bygde ei kyrkje der, etter at han flytta Gulatinget til Bergen på 1200-talet. Kyrkja stod på Flolidstranda, der er Kyrkjehaugen og Kyrkjestøa.

Flolid høyrde til Bergen kongsgård til 1715. Det er mest truleg at Håkon Håkonsson eigde jorda då han bygde ei kyrkje i 1240-50-årene. Gulatinget låg på Guløy på Flolid gard. Namnet seier kvar tingstaden låg. Guløy er den vesle halvøya som stikk ut frå Flolid, og der begynner Gulafjorden. Det står fire vardar; på Næverdalsfjellet, på Stevnebøfjellet, på Høyvik og på Svaberg. Desse vardane står i ein firkant med avstand 4-5 km, og inne i denne firkanten ligg Guløy. Dette kan ha vore som vaktvern for Gulatinget.

Gulatingsstemne og tusenårsstadEndra

 
Bård Breiviks installasjon på Tusenårsstaden Gulatinget
Foto: Nina Aldin Thune

I 1935 vitja kong Haakon VII tingvollane i Gulen, og same året vart det halde eit Gulatingstemne med 4 000 deltakarar. Sidan har det vorte halde fleire slike stemne med kjende historikarar som talarar. Det var også eit stemne 3. juli 1966.

På Flolid har det sidan 1997 vorte framført eit historiespel - Håkonarspelet (Håkon Adalsteinfostre i Gulen - Håkon den gode) av Johannes Heggland.

I 2000 vart Flolid peikt ut som Sogn og Fjordane sin tusenårsstad. Her er det reist eit monument over tingstaden laga av bilethoggaren Bård Breivik. Det består av «Tingveggen», «Tinghella» og «Eldsirkelen», og vart høgtideleg opna 27. august 2005 av stortingspresident Jørgen Kosmo, og med mellom andre statsminister Kjell Magne Bondevik til stades.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid bind 1 side 371

LitteraturEndra

  • Helle; Turid; Kulturlandskap og kulturmarkstyper i Gulen kommune, Rapport 17. Sogn og Fjordane distriktshøgskule. Avdeling for landskapsøkologi. 1991
  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996

BakgrunnsstoffEndra