Fodnes ferjekai
Fodnes ferjekai ligg på Fukkenes mellom Fodnes og Strendene i Lærdal kommune, og er betent av sambandet Mannheller-Fodnes som del av Riksveg 5 mellom Sogndal og Lærdal.
Fodnes ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Enkel kai | ||
Opna | 1993 | ||
Som del av | 53 Kaupanger-Fodnes | ||
Stad | Fukkenes | ||
Kommune | Lærdal | ||
Fylke | Vestland | ||
Overtok for | Årdalstangen ferjekai | ||
No del av | Mannheller-Fodnes | ||
Fodnes ferjekai 61°08′57″N 7°23′11″E / 61.149107653113°N 7.3862793356211°E |
Anlegget vart opphavleg opna i 1993 som del av nye dåverande Riksveg 53 frå Årdalstangen, og erstatta Årdalstangen ferjekai som ferjeløysing for Årdal. Alle langsambanda som opphavleg gjekk til Årdalstangen frå Gudvangen og Aurland gjekk frå no av berre til Kaupanger, medan sambandet Årdalstangen-Kaupanger heretter gjekk Kaupanger-Fodnes med kortare overfartstid og dess fleire turar for dagen.
I 1995 opna Fodnestunnelen mellom Aspvikane i Strendene og Lærdalsøyri, og ny ferjekai på Mannheller. Med dette vart det Kaupanger-Fodnes erstatta av Mannheller-Fodnes.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 75-77. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.