Årdalstangen-Kaupanger
Årdalstangen-Kaupanger var eit ferjesamband i Indre Sogn mellom Årdalstangen i Årdal kommune og Kaupanger i Sogndal kommune. Sambandet vart til i 1966 då ferjesambanda i Indre Sogn vart lagde opp på nytt med at nye Revsnes ferjekai erstatta gamle Lærdal ferjekai.
Årdalstangen-Kaupanger | |||
Trasé | Årdalstangen-Kaupanger | ||
---|---|---|---|
Rutenett | Tidlegare ferjesamband i Indre Sogn | ||
Driftselskap | Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1966 | ||
Nedlagd | 1995 | ||
Overtok for | Årdalstangen-Lærdal/Kaupanger | ||
Erstatta av | Mannheller-Fodnes |
Den nye vegen til Revsnes synte set å vera svært rasfarleg, og i tillegg var den sterke stigninga opp frå Kaupanger ferjekai eit risikomoment for trafikken. Med dette vedtok fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane i 1989 å byggje nytt samband mellom Lærdal, Sogndal og Årdal. Med dette vart Riksveg 53 forlenga frå Årdal til Fodnes i 1993, og ein fekk den nye Fodnes ferjekai som erstatta Årdalstangen ferjekai. På det tidspunktet eksisterte ferjesambandet som Kaupanger-Fodnes fram til 1995 då nye Riksveg 5 opna mellom Kaupanger og Mannheller ferjekai, og ny tunnel Fodnestunnelen mellom Aspvikane og Lærdalsøyri. Med dette vart ferjesambandet avløyst av Mannheller-Fodnes.
Kjelder
endre- Magnus Helge Torvanger (2008). Frå dampskip til gassferjer : Fjord1 Fylkesbaatane 150 år : 1858-2008. Førde: Selja forlag. s. 74, 75. ISBN 978-82-91722-93-1.
Bakgrunnsstoff
endre- Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Stamvegen - riksveg 5 - mellom Lærdal og Sogndal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Kristin Ese: «Vegutløysing for Årdal» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland
- Finn Borgen Førsund: «Dampen og kaia : stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998» på nettstaden til NasjonalbiblioteketDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.