Winter Wonderland

«Winter Wonderland» er ein vintersong, som regel rekna som ein julesong, skriven i 1934 av Felix Bernard (musikk) og Richard B. «Dick» Smith (tekst). Songen har vorte spelt inn av over 150 forskjellige artistar gjennom åra.

Historie endre

Dick Smith, som kom frå Honesdale i Pennsylvania, skal ha vorte inspirert til å skrive songen etter eit snøfall i Central Park i Honesdale. Smith skreiv teksten medan han låg på West Mountain Sanitarium, der han vart behandla for tuberkulose.[1]

Den første innspelinga vart gjort av Richard Himber and his Hotel Ritz-Carlton Orchestra for RCA Bluebird i 1934. Mot slutten av ei innspeling der dei hadde tid til overs vart det foreslått at dei skulle prøve denne nye melodien. Studioorkesteret bestod av mange kjende studiomusikarar frå New York, mellom anna Artie Shaw. Guy Lombardo tok songen til Topp 10 på lista i USA.[2] Songaren Johnny Mercer nådde fjredeplassen på Billboard-lista i 1946. Same vinteren nådde Perry Como topp ti. Como spelte inn ein ny versjon av songen for julealbumet sitt frå 1959.

På grunn av vintertemaet vert «Winter Wonderland» ofte rekna som ein julesong, sjølv om jula ikkje vert nemnt i teksten. Ein nemner «sleigh-bells» (kanebjøller) fleire gonger, noko som indikerer at songen syner til juletida. På svensk heiter songen «Vår vackra vita vintervärld» der tomtar vert nemnde.

Innspelte versjonar endre

Kjelder endre

  1. Kunerth, Jeff (9. desember 2010). «The story behind Winter Wonderland». The Religion World (Orlando Sentinel). 
  2. Guy Lombardo Chart Hits at TsorT.info
  3. Kikki Danielsson, Nu är det advent Henta 22. september 2013