Fork in the Road
Studioalbum av Neil Young
Språk engelsk
Utgjeve 7. april 2009
Innspelt 2008–2009
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 38:46
Selskap Reprise
Produsent «The Volume Dealers» (Neil Young og Niko Bolas)
Neil Young-kronologi 
Sugar Mountain – Live at Canterbury House 1968
(2008)
Fork in the Road The Archives Vol. 1 1963–1972
(2009)


Fork in the Road er det 33. albumet til den kanadiske musikaren Neil Young, gjeve ut 7. april 2009 på Reprise Records.[10] Albumet kom ut på vinyl 26. juli 2009.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Blender4/5 stars[2]
musicOMH4/5 stars[3]
Robert Christgau4/5 stars[4]
The Guardian2/5 stars[5]
PopMatters4/10 stars[6]
Rolling Stone3/5 stars[7]
The Times1/5 stars[8]
Uncut4/5 stars[9]

Albumet var inspirert av Young sin Lincoln Continental som han hadde bygd om til å gå på biodiesel og bakgrunnen til Young i Lincvolt-prosjektet han arbeidde på i lag med mekanikaren Jonathan Goodwin. Prosjektet gjekk ut på å utvikle eit levedyktig elektrisk motorsystem for bilar. Young sin Lincoln Continental frå 1959 var prototypen deira. Ein dokumentarfilm produsert av Larry Johnson følgde den første lengre turen til denne elektriske bilen på veg til Washington, DC.

I november 2010 starta bilen ein brann som førte til skadar på over ein million dollar på eit varehus og eigedelar som Young hadde lagra der. Young skulda på menneskeleg svikt og sa at han og teamet hans ønsket å byggje opp att bilen.[11]

Young vart nominert til Grammy-prisen for beste rockesong for soloartistar for «Fork in the Road» i 2010.[12]

Albumet nådde 19. plass i USA, 22. plass i Storbritannia, og i Noreg gjekk det heilt til topps på VG-lista, som einaste land i verda.

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Neil Young.

Nr.TittelLengd
1.«When Worlds Collide»4:14
2.«Fuel Line»3:11
3.«Just Singing a Song»3:31
4.«Johnny Magic»4:18
5.«Cough Up the Bucks»4:38
6.«Get Behind the Wheel»3:08
7.«Off the Road»3:22
8.«Hit the Road»3:36
9.«Light a Candle»3:01
10.«Fork in the Road»5:47

Medverkande endre

  • Produsert av «The Volume Dealers» (Neil Young og Niko Bolas)
  • Innspelt og miksa av Niko Bolas
  • Neil Young – elektrisk og akustisk gitar, vokal
  • Ben Keith – lapsteelgitar, elektrisk gitar, Hammond B-3 orgel, vokal
  • Anthony Crawford – elektrisk og akustisk gitar, piano, Hammond B-3 orgel, vokal
  • Pegi Young – vibrafon, akustisk gitar, vokal
  • Rick Rosas – bass
  • Chad Cromwell – trommer
  • Larry Cragg – gitarteknikar
  • Don McAulay – trommeteknikar
  • Craig Roberts – gitarteknikar

Salslister endre

Liste (2009)[13] Plassering
Den austerrikske albumlista 45
Den belgiske albumlista (Flandern) 13
Den franske albumlista 31
Den finske albumlista[14] 18
Den danske albumlista 15
Den nederlandske albumlista 23
Den tyske albumlista 17
Den irske albumlista 18
Den newzealandske albumlista[15] 38
Den norske VG-lista 1
Den spanske albumlista 48
Den italienske albumlista 36
Den svenske albumlista 11
Den sveitsiske albumlista 65
US Billboard 200 19
UK Albums Chart 22

Kjelder endre

  1. Stephen Thomas Erlewine (7. april 2009). «Fork in the Road – Neil Young | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 18. mars 2019. 
  2. «Blender review». Blender.com. Arkivert frå originalen 12. april 2009. Henta 8. august 2018. 
  3. «Neil Young – Fork In The Road | album reviews | musicOMH». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 5. april 2009. Henta 18. mars 2019. 
  4. «Neil Young: Fork in the Road». Robert Christgau. Henta 18. mars 2019. 
  5. Miranda Sawyer. «Pop review: Neil Young: Fork in the Road». The Guardian. Henta 18. mars 2019. 
  6.  . «Neil Young: Fork in the Road». PopMatters.com. Henta 18. mars 2019. 
  7. Hermes, Will (1. april 2009). «Neil Young Fork in the Road Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. september 2013. Henta 18. mars 2019. 
  8. [1][daud lenkje]
  9. «The UNCUT Album review: Neil Young – Fork In The Road – Review – Uncut.co.uk». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 6. desember 2010. Henta 18. mars 2019. 
  10. «Neil Young To Release «Fork In The Road»». Billboard. Henta 18. mars 2019. 
  11. Lee, Henry K. (17. november 2010). «Neil Young's warehouse fire started in hybrid car». SFGate. Henta 18. mars 2019. 
  12. «Grammy nominees include Neil Young, rapper Drake». CBC News. 3. desember 2009. Arkivert frå originalen 6. desember 2009. Henta 31. oktober 2010. 
  13. «Neil Young – Fork In The Road – Music Charts». Acharts.us. Henta 16. februar 2012. 
  14. [2][daud lenkje]
  15. «The Official New Zealand Music Chart». Rianz.org.nz. Arkivert frå originalen 13. januar 2010. Henta 16. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff endre


Føregangar
Edendale
Bigbang
Toppen av VG-lista
Neil Young

1, veke 16–2009
Etterfylgjar
De aller beste
Eriksen