Forollhogna nasjonalpark

nasjonalpark i Innlandet og Trøndelag fylker, Noreg

Forollhogna nasjonalpark er ein nasjonalpark oppretta i 2001 og omfattar areal i kommunane Holtålen, Midtre Gauldal, Rennebu, Os, Tolga og Tynset i Trøndelag og Innlandet fylke.

Forollhogna nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Innlandet, Trøndelag
Kommunar Tynset, Tolga, Os, Holtålen, Midtre Gauldal, Rennebu
Høgaste punkt Forollhogna
 •  høgd 1 332 moh.
Areal 1 062 km²
Oppretta 21. desember 2001
Kart
Forollhogna nasjonalpark
62°38′00″N 10°40′00″E / 62.633333333333°N 10.666666666667°E / 62.633333333333; 10.666666666667
Wikimedia Commons: Forollhogna National Park

Folk i bygdene rundt nasjonalparken har brukt området mykje både sommar og vinter. I vatna har dei fiska fjellaure, og om hausten har dei jakta reinsdyr. Pilegrimsleia til Nidaros (Østerdalsleia) kryssar nasjonalparken.

Vern og bruk av parken

endre

Formålet med nasjonalparken er å verne

  • eit i stor grad urørt fjellområde,
  • landskapsformer og det biologiske mangfaldet med ein variert vegetasjon med stort innslag av kravfulle planteartar og eit rikt dyreliv med ein høgproduktiv villreinstamme,
  • kulturminne og kulturlandskapsinnslag.

Jakt, fiske og friluftsliv er tillate.

Bakgrunnsstoff

endre