EM i fotball 1984
Europameisterskapen i fotball 1984 var den sjuande europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Frankrike i tida 12. til 27. juni 1984. Vertslandet Frankrike vart europameister etter 2-0 over Spania i finalen på Parc des Princes i Paris. Dei 14 kampane var fordelt på sju byar; Lens, Lyon, Marseille, Nantes, Paris, Saint-Étienne og Strasbourg.
Omframt vertsnasjonen, som fekk friplass, hadde Belgia, Danmark, Jugoslavia, Portugal, Romania, Spania og Vest-Tyskland kvalifisert seg til sluttspelet. 32 land deltok i kvalifiseringa, fordelt på sju grupper, som gjekk av stabelen i tida frå mai 1982 til desember 1983.
Dei åtte deltakarlanda i sluttspelet var fordelt i to like store grupper. Vinnarane i gruppene møtte så toarane i dei motsvarande gruppene til semifinalar. Semifinalevinnarane gjekk deretter til finale. Bronsefinale vart ikkje spelt.
I begge semifinalane stod det 1-1 etter 90 minuttar. Frankrike avgjorde mot Portugal då lagkapteinen Michel Platini la på til 3-2 i det 119. minutt. Den andre semifinalen mellom Spania og Danmark vart avgjort med straffesparktevling. Fyrst då ein av dei store spelarane i meisterskapen, danske Preben Elkjær, skaut utanfor på lagets femte straffe, kunne Spania juble for finaleplass.
Gruppespelet
endreGruppe A
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Frankrike | 3 | 3 | 0 | 0 | 9–2 | 7 | 6 |
2 | Danmark | 3 | 2 | 0 | 1 | 8–3 | 5 | 4 |
3 | Belgia | 3 | 1 | 0 | 2 | 4–8 | −4 | 2 |
4 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | 3 | 0 | 0 | 3 | 2–10 | −8 | 0 |
12. juni 1984 | ||||
Frankrike | 1–0 | Danmark | Parc des Princes, Paris Tilskodarar: Dommar: | |
13. juni 1984 | ||||
Belgia | 2–0 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | Stade Félix-Bollaert, Lens Tilskodarar: Dommar: | |
16. juni 1984 | ||||
Frankrike | 5–0 | Belgia | Stade de la Beaujoire, Nantes Tilskodarar: Dommar: | |
16. juni 1984 | ||||
Danmark | 5–0 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | Stade de Gerland, Lyon Tilskodarar: Dommar: | |
16. juni 1984 | ||||
Frankrike | 3–2 | Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia | Stade Geoffroy-Guichard, Saint-Étienne Tilskodarar: Dommar: | |
16. juni 1984 | ||||
Danmark | 3–2 | Belgia | Stade de la Meinau, Strasbourg Tilskodarar: Dommar: | |
Gruppe B
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Spania | 3 | 1 | 2 | 0 | 3–2 | 1 | 4 |
2 | Portugal | 3 | 1 | 2 | 0 | 2–1 | 1 | 4 |
3 | Tyskland | 3 | 1 | 1 | 1 | 2–2 | 0 | 3 |
4 | Romania | 3 | 0 | 1 | 2 | 2–4 | −2 | 1 |
14. juni 1984 | ||||
Tyskland | 0–0 | Portugal | Stade de la Meinau, Strasbourg Tilskodarar: Dommar: | |
14. juni 1984 | ||||
Romania | 1–1 | Spania | Stade Geoffroy-Guichard, Saint-Étienne Tilskodarar: Dommar: | |
17. juni 1984 | ||||
Tyskland | 2–1 | Romania | Stade Félix-Bollaert, Lens Tilskodarar: Dommar: | |
17. juni 1984 | ||||
Portugal | 1–1 | Spania | Stade Vélodrome, Marseille Tilskodarar: Dommar: | |
20. juni 1984 | ||||
Tyskland | 0–1 | Spania | Parc des Princes, Paris Tilskodarar: Dommar: | |
20. juni 1984 | ||||
Portugal | 1–0 | Romania | Stade de la Beaujoire, Nantes Tilskodarar: Dommar: | |
Finalen
endreEM-finalen fann stad på på Parc des Princes i Paris framfor 47 368 tilskodarar. Den suverene einaren i meisterskapen, den franske lagkapteinen Michel Platini, skåra sitt niande mål då han gav vertslandet leiinga etter 57 minuttar. Stillinga 1-0 stod seg til Bruno Bellone kontra inn 2-0 i sluttminuttet. Fem minuttar tidlegare var den franske midstopparen Yvon Le Roux utvist.
Dei franske spelarane som tok heim landslagets fyrste store pokal var: Joël Bats, Patrick Battiston, Yvon Le Roux, Maxime Bossis, Jean-François Domergue, Alain Giresse, Luis Fernández, Jean Tigana, Bernard Lacombe, Michel Platini, Bruno Bellone. Manuel Amoros kom inn for Battiston i det 73. minutt og Bernard Genghini for Lacombe etter 80 minuttar.
Spania stilte med: Luis Arconada (kaptein) i mål, Ricardo Gallego, Santiago Urquiaga, Salva García, José Antonio Camacho, Juan Señor, Víctor Muñoz, Julio Alberto, Francisco López, Santillana Alonso og Francisco Carrasco. Manuel Sarabia og Roberto Fernández vart bytta inn i det 77. og 85. minutt, ut fór Julio Alberto og Salva Garcia.
Vojtěch Christov frå Tsjekkoslovakia var finaledommar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «UEFA Euro 84» frå Wikipedia på engelsk, den 27. juli 2015.