France Prešeren
France Prešeren (fødd 3. desember 1800 i Vrba i Slovenia, død 8. februar 1849) var ein slovensk forfattar som er kjend for lyrikken sin.
France Prešeren | |
Statsborgarskap | Keisardømet Austerrike, De illyriske provinser, Habsburgmonarkiet |
Fødd | 3. desember 1800 Vrba |
Død |
8. februar 1849 (48 år) |
Yrke | lyrikar, advokat, skribent, diktarjurist |
Born | Ernestina Jelovšek |
France Prešeren på Commons |
France Prešeren vert sett på som ein av dei største slovenske poetane nokonsinne, han var kjend og hylla både på landsbasis, og som ein av dei leiande i europeisk litteratur på den tida då han levde. Prešeren vert sett på som ein av dei fremste europeiske romantikarane.
Han vart fødd i den vesle byen Vrba i Slovenia i ein fattig familie. Mor hans ville at han skulle verte prost, noko France ikkje ville. Han studerte filosofi og seinare rettsvitskap på unversitetet i Wien i Austerrike. Etter det vart han tilsett som assistent på eit advokatfirma i Ljubljana. Han lukkast likevel aldri som advokat.
Prešeren forfatta òg eit stort historisk epos, Krst pri Savici, og han skreiv dessutan mellom anna sonettar på tysk. Den sjuande strofa i Prešeren sitt dikt «Zdravljica» ('Ein skål') har sidan 1991 vore nasjonalsongen i Slovenia.