Opna hovudmenyen

Frank Simms

amerikansk songar

Frank Simms (fødd 1947) er ein amerikansk songar og stemmeskodespelar kjend for å stå bak stemmer som Kool-Aid Man, the Honeycomb Craver, og ringetonen Geico. Han var eit av dei første medlemmane og låtskrivarane i bandet The Simms Brothers Band. Han skreiv den vekentlege temasongen for TV FunhouseSaturday Night Live. Han spelte inn musikk med mange artistar i 1970- og 1980-åra.

Frank Simms
Fødd11. februar 1947
FødenamnFrank Adams Simms
OpphavTulsa
Aktiv1977–
SjangerRock, pop, soul, jazz, gospel
InstrumentGitar, bassgitar
Tilknytte artistarDavid Bowie, Madonna, Billy Joel, Carly Simon
Verka somSongar, skodespelar, stemmeskodespelar

SongarEndra

Simms song korvokal på David Bowie sitt Let's Dance-album i 1983, Billy Joel sitt River of Dreams og Madonna sitt Material Girl. Han spelte òg med artistar som INXS, Chaka Khan, Al Green, Elvis Costello, Brian Wilson, Carly Simon, Cyndi Lauper, Jeff Beck, Philip Bailey, The Fab Faux, Laurie Anderson, Chic, William S. Burroughs, Ace Frehley, The Psychedelic Furs, Dionne Warwick, Roberta Flack og Harry Chapin. H an song for dei Emmy-vinnande PBS-showa Dragontales og Between the Lions, og vann ein Emmy i 2007 for framføringa av vinnarlåten «Q Without U» for den animerte barneserien Between The Lions.

I 1983 turnerte han verda rundt i lag med broren George som korvokalist for David Bowie. Han har òg turnert med Billy Joel og Carly Simon, og sunge på fjernsyn i lag med Elvis Costello, Brian Wilson, Al Green, Dan Hartman, Phil Collins og fleire.

StemmeskodespelarEndra

Etter å ha arbeide lenge innan musikk, starta han ein karriere som stemmeskodespelar i reklamefilmar, filmar og fjernsyn, mellom anna for Saturday Night Live og Nickelodeon. Ein kan òg høyre stemma hans i videospela Max Payne 2: The Fall of Max Payne og Grand Theft Auto: San Andreas.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra