Opna hovudmenyen

Frans I Stefan av Det tysk-romerske riket

Frans I Stefan, òg kalla François III og Francesco II (fødd 8. desember 1708 i Nancy, død 18. august 1765 i Innsbruck) var konge av dei habsburgske landområda (som i dag utgjer Austerrike, Slovenia, Slavonia, Tsjekkia, Slovakia og Ungarn) frå 1740 og tysk-romersk keisar 1745-1765.

Frans I Stefan
Martin van Meytens 006.jpg
Tysk-romersk keisar, konge av romarane
storhertug av Toscana
hertug av Teschen og Lorrain
Regjeringstid1740-1765
Fødd8. desember 1708
FødestadNancy
Død18. august 1765 (56 år gammal)
DødsstadInnsbruck
GravstadKapuzinarkrypta i Wien
FøregangarKarl VII
EtterfølgjarJosef II
Gift medMaria Teresia av Austerrike
KongehusHuset Lorraine
DynastiHuset Lothringen
FarLeopold, hertug av Lorraine
MorÉlisabeth Charlotte d'Orléans
BornMaria Elisabeth av Østerrike, Maria Anna av Østerrike, Maria Carolina av Austria, Josef II av Det tysk-romerske rike, Maria Christina av Østerrike, Maria Elisabeth av Østerrike, Karl Joseph av Østerrike, Maria Amalia av Østerrike, Leopold II av Det tysk-romerske rike, Maria Johanna Gabriela av Østerrike, Maria Josepha av Østerrike, Maria Karolina av Austerrike, Ferdinand av Østerrike-Este, Marie Antoinette, Maximilian Frans av Köln, Archduchess Maria Carolina of Austria, Q1273356

Frans Stefan var son av hertug Leopold av Lorraine, som var etterkomar av Kristian II av Danmark si dotter Kristina av Oldenburg. Han vart hertug i hertugdøma Lorraine og Bar (1729-1737) under namnet François III, og likeeins i hertugdømet Teschen (1729-1765). Han tok over trona i Lorraine etter far sin i 1729, men som følgje av den polske arvefølgjekrigen vart han tvinga til å byte Lorraine mot storhertugdømet Toscana. Som storhertug av Toscana (1737–1765) vart han kalla Francesco II.

I 1736 gifta han seg med Maria Theresia. Under den austerrikske arvefølgjekrigen, som kom til då Maria Teresia var einaste arving til trona etter Karl VI, sikra kona hans at han vart vald til keisar av Det tysk-romerske riket den 13. september 1745, som etterfølgjar av Karl VII.

I ekteskapet med Maria Teresia fekk han heile 16 born, mellom anna Josef II, Leopold II, Maria Karolina av Austerrike og Marie Antoinette av Frankrike.

Frans I døydde av eit hjerneslag den 18. august 1765.

Spire Denne historieartikkelen som har med Tyskland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.