Fransk taco (fransk tacos français [takos fʁɑsɛ]), også kjend som Lyon-taco (fransk tacos lyonnais [takos ljɔnɛ]), også kalla matelas[1] (fransk for «madrass»), er ein snøggmatrett som normalt består av ein kveitetortilla som vert grilla og folda rundt eit fyll av pommes frites, ost og kjøt, blant anna deliingrediensar.

Fransk taco frå O'Tacos.

På fransk bruker ein alltid fleirtallsforma (tacos) om denne matretten, sjølv i tilfelle der det berre er snakk om ein («un tacos»).[2]

Trass i namnet har fransk taco lite å gjere med ein meksikansk- eller ein texmex-taco og kan faktisk være meir lik ein burrito (spesielt californiaburrito); han er også blitt samanlikna med panini og dönerkebabsandwich.

Opphav endre

Fransk taco oppstod i regionen Rhône-Alpes i Frankrike i byrjinga av 2000-åra, før han blei populær blant tenåringar og unge vaksne i heile Frankrike og i utlandet.[3]

Noko av populariteten kom på grunn av den relativt låge prisen og store porsjonsstorleiken samanlikna med andre snøggmatvariantar i landet; i 2019 kosta ein fransk taco omtrent fem euro.[4]

Utbreiing endre

Utbreiinga til den franske tacoen har gått hand i hand med veksten til kjeden O'Tacos. I 2019 var denne kjeden vaksen til å ha over 200 utsalsstadar i Frankrike, Belgia og Marokko, og dei hadde ein omsetnad på over to milliardar kroner i året. Opningsfestane til O'Tacos var blitt til store arrangement der kjente rapparar kom for å halde konsert.[3]

Den franske tacoen kom til Noreg med opninga av gatekjøkenet French Taco and Burgers AvenueNesttun i Bergen i 2021. Året etter utvida dei med ein utsalsstad i Bergen sentrum, før dei også etablerte seg på Frogner i Oslo i 2023.[5][6]

Kjelder endre

  1. «Les " tacos " lyonnais, l'invention qui conquiert toute la France». Le Petit Paumé. Arkivert frå originalen 29. juni 2018. Henta 18. november 2018. 
  2. 2,0 2,1 «The unlikely rise of the French tacos». The New Yorker. 12. april 2021. Henta 24. juli 2023. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Sjuve, Christopher (19. mars 2019). «Ny taco får burgerkjedene til å skjelve». dagbladet.no (på norsk). Henta 18. juli 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Move over, McDonald's: French taco poised for global expansion». The Guardian. 15. mars 2019. Henta 24. juli 2023. 
  5. 5,0 5,1 «Forvirrende fransk fast food». Bergens Tidende. 1. september 2022. Henta 24. juli 2023. 
  6. 6,0 6,1 «I en matbod i Cannes startet eventyret. Nå kommer et helt nytt konsept til Oslo». Avisa Oslo. 30. april 2023. Henta 24. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Fransk taco