Freding
Freding er eit verkemiddel innan lovverket som er meint å ta vare på noko og verna det mot inngrep. Ein kan til dømes freda ein art, eit område, eit bygg eller særskilde ting. Føremålet med fredinga kan vera at ein vil ta vare på eit kulturminne, kulturlandskap, naturlandskap, eller at ein vil verna om ein særskild truga bestand av dyr eller plantar.
Freding av norske kulturminne
endreKulturminneloven fastset kva kulturminne som er freda i Noreg. Funn og funnstader frå førhistorisk tid og mellomalderen (fram til 1649) er automatisk freda. Det same gjeld samiske kulturminne som er eldre enn hundre år. Elles kan Miljøverndepartementet freda andre viktige kulturminne.
Freding inneber at ingen skal forandra, ta med seg eller på andre måtar forstyrra eit slikt kulturminne. Riksantikvaren har kontroll med freda kulturminne i Noreg.
Freding av norsk natur
endreNaturvernloven styrer freding av viktige naturområde og truga artar. Direktoratet for naturforvalting står for styret av naturvernet.
Rundt 12,5 % av fastlandarealet i Noreg er verna etter naturvernloven. Område kan fredast på fem ulike måtar: Som naturreservat, nasjonalpark, landskap, naturminne eller biotop.
Bakgrunnsstoff
endreSjå òg
endreKjelder
endre- Bergen Museum (bergenmuseum.uib.no Arkivert 2006-08-28 ved Wayback Machine.)
- Lov om kulturminner (lovdata.no)
- Direktoratet for naturforvalting (dirnat.no)
- Riksantikvaren: Å eie et fredet hus
- Miljøstatus i Noreg: vernet natur Arkivert 2008-05-27 ved Wayback Machine. på http://www.miljostatus.no
- Miljøstatus i Noreg: Kulturminner Arkivert 2006-05-26 ved Wayback Machine. på http://www.miljostatus.no