Fredrikstad Mekaniske Verksted

Fredrikstad Mekaniske Verkstad (FMV), opphavleg skrive Fredriksstad Mek. Verkstad, var ein verkstad og eit skipsverftKråkerøy ved Vesterelva i Fredrikstad kommune. Verkstaden vart etablert i 1870 og mellom 1873 og 1987 vart det levert 443 båtar og ulike fartøy (mudderapparat, lekterar, flytekraner) frå FMV – i snitt tre til fire leveransar kvart år. Det opphavlege FMV vart nedlagt i februar/mars 1988. På det tidspunktet var arbeidsstokken nede i 650 mann. Konkurransen frå Aust-Asia tok knekken på fleire skandinaviske verft på den tida (til dømes Uddevallavarvet).

Postkort med motiv frå Fredrikstad Mekaniske Verkstad.

Verkstaden vart starta i 1870 av brørne Jens Jacob og Andreas Jensen og svogeren Knud Dahl. Ved etableringa var hovudproduktet maskiner til trelastindustrien. Den fyrste båten som vart bygd var taubåten «Dragen» i 1873. Paul Holmsen, som var styrar, bygde verkstaden opp til eit betydeleg føretak. På byrjinga av 1900-talet utvikla FMV seg til å verta eit av dei største skipsverfta i Noreg.

Fartøy frå FMV endre

Nr. Overlevert Namn Type Tonnasje Reiarlag Heimehamn IMO-nummer Status
17 1891 DS «Fix» Slepebåt
25 1892 DS «Oscar» Kystruteskip 34.09 brt Senket 1948
29 1892 DS «Hvaler» ca 80 tonn Δ Fredrikstad-Hvaløernes Dampsskibsselskap Fredrikstad Veteranbåt
61 1899 DS «Græsvig» Ferge brt Solgt til Vestlandet 1951
69 1900 «Michael Sars» Forskningsfartøy brt
120 1908 DS «Bravo» Lasteskip 1.512 brt Fred. Olsen Kristiania Hugget 1954
246 1925 DS «Dronning Maud» Kystruteskip 1.489 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim Krigsforlist 1940
268 1931 DS «Prinsesse Ragnhild» Kystruteskip 1.590 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim Krigsforlist 1940
269 1932 DS «Lofoten» Kystruteskip 1.571 brt Vesteraalens Dampskibsselskab Stokmarknes Hugget 1966
279 1937 DS «Askepot» Lasteskip 1.313 brt J. T. Farsjø & Co. Oslo 532159 Hugget 1965
282 1937 DS «Nordstjernen» Kystruteskip 1.919 brt Det Bergenske Dampskibsselskab Bergen Forlist 1954
303 1942 DS «Sigurd Jarl» Kystruteskip 2.335 brt Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab Trondheim Ukjent

Kjelder endre

Kjelder endre

  • Michael Sars
  • DS Dronning Maud
  • DS Prinsesse Ragnhild
  • "Aktieselskabet Fredriksstad Mek. Verkstad" (100-årsjubileumsbok), 1970.
  • Gyldendals konversasjonsleksikon 5. bind "Fredrikstad Mek. Verkstad" (digitalt nasjonalbibliotek).
  • Lardex skipsliste Fredrikstad Mek. Verkstad (www.lardex.net).
  • Sjøhistorie.no
  • "Demokraten i hundre", Erik Wiggo Larsen, 2mar forlag a.s, 2006.


Bakgrunnsstoff endre