DS «Nordstjernen» (1937)


DS «Nordstjernen» i 1949
Karriere  Noreg
Namn: DS «Nordstjernen»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Fredrikstad Mek. Verksted i Fredrikstad
Byggekostnad: 1 913 209 kroner[1]
Verftsnummer: 282
Jomfrutur: juni 1937
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LJNB
Lagnad: Forliste 1954
Generelle mål
Type: Passasjer- og lasteskip
Tonnasje: 1 920 brt, 1 063 nrt
Daudvekt: 535 tdw.
Lengd: 250,9 fot (76,5 m)
Breidd: 38,8 fot (11,8 m)
Djupgang: 21 fot (6,4 m)
Installert effekt : NHK 313 IHK 2000
Framdrift: Compound 4 cyl. dampmaskin (FMV)
Fart: 15 knop
Passasjerar: 214 køyer, 590 passasjerar passasjerar
Denne artikkelen handlar om hurtigruteskipet frå 1937. For andre skip med same namn, sjå «Nordstjernen».

DS «Nordstjernen» var eit hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i juni 1937. Skipet gjekk i fast rute frå 1937 til det grunnstøytte i Raftsundet september 1954. 5 menneske omkom då skipet sokk.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Nordstjerna er ei stjerne i stjernebiletet Den vesle bjørnen. Dette var det tredje dampskipet til BDS med dette namnet.

Historie endre

Skipet vart bygt ved Fredrikstad Mekaniske Verksted i Fredrikstad og kosta 1,9 millionar kroner[1] då det vart levert i 15. juni 1937.[2]

21. juni 1937 vart DS «Nordstjernen» sett inn i fast rotasjon i hurtigruta, og ho avløyste DS «Mira» frå 1891. DS «Mira» gjekk enno som avløysarskip og reserveskip til ho vart søkkt i 1941.

Våren 1940 vart DS «Nordstjernen» rekvirert av den tyske okkupasjonsmakta for å liggje som losjiskip for norske krigsfangar ved Marineholmen i Bergen. Då hurtigruta kom i gang att i juli 1940, heldt «Nordstjernen» fram i fast rotasjon. 20. september 1944 vart skipet på nytt rekvirert av den tyske marinen, og brukt til å frakte såra soldatar frå Nord-Noreg under evakueringa av Finnmark. 31. mai 1945 vart skipet returnert til reiarlaget, og 17. juli same år var ho attende i hurtigrutetrafikk. Hausten 1947 vart ho send til Bergen mekaniske verkstad for oppgradering. Ho fekk bygd om kjelane til oljefyring, og ho fekk installert radar. I desember 1947 var ho attende i rute. 21. september 1948 grunnstøytte skipet ved Brønnøysund, men etter reparasjon ved Rosenberg Mekaniske Verksted i Stavanger var ho snart attende i trafikk.

22. september 1954 var DS «Nordstjernen» på nordgåande frå Svolvær til Stokmarknes med 204 passasjerar om bord. I det tronge Raftsundet kom skipet ut av kurs, og klokka 02:10 grunnstøytte ho på styrbord side. Botnen vart riven opp, og skipet tok inn mykje vatn. Lasteromma og innreiinga vart fylt med vatn, og til slutt trengde vatnet inn i kjelerommet. Skipet var i ferd med å søkke då kjelane eksploderte. Etter 20 minutt sokk DS «Nordstjernen» og vart liggande på 80 meters djupn. Fem menneske omkom.

Etter forliset kontraherte Det Bergenske Dampskibsselskab eit nytt skip for å erstatte DS «Nordstjernen». Dette skipet vart overlevert i 1956 og fekk namnet MS «Nordstjernen» og var i drift til 2012.

Dei omkomne ved forliset i 1954 endre

Dei fire passasjerane som omkom var:

  • passasjeren Einar Hansen, Kvernfjord, Bø i Vesterålen
  • passasjeren Eva Kjeldsen, Tromsø
  • passasjeren marinegast Thorbjørn Hansen, Alstahaug
  • passasjeren frelsesarmesoldat Oddveig Danielsen frå Skrova (18 år gammal)

Av mannskapet omkom

  • reparatør Adolf Skorpen frå Nordvik på Helgeland.

Skipet endre

DS «Nordstjernen» hadde ein tonnasje ved levering på 1 919 bruttoregistertonn, 1 063 nettoregistertonn, og lasteevna var 535 dødvekttonn. Skipet hadde lasterom forut og akter, og begge hadde kjølerom for transport av fersk fisk. Hovudmaskinen var ein kolfyrt firesylindra dobbel compound dampmaskin (såkalla dampmotor) utvikla og bygd ved Fredrikstad mekaniske verkstad. Oppgitt yting var 2 545 ihk (indikerte hestekrefter) og 313 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 16 knop. Skipets bunkerskapasitet rakk til ein rundtur Bergen - Kirkenes - Bergen utan etterfylling. I 1947 vart kjelen ombygd for oljefyring. DS «Nordstjernen» var sertifisert for 590 passasjerar i kystfart, og hadde 157 køyeplassar. 1. plass (1. klasse) låg midtskips og hadde 65 køyeplassar og ein stor salong med utsikt framover. 3. plass låg akter og hadde 92 køyeplassar. DS «Nordstjernen» var eit toklasse-skip, og 2. plass eksisterte ikkje. Alle lugarane hadde innlagt varmt og kaldt vatn.

Då Italia-skipa (MS «Erling Jarl», MS «Midnatsol», MS «Vesterålen» og MS «Sanct Svithun») vart kontraherte i 1947, var DS «Nordstjernen» utgangspunkt for konstruksjonen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «D/S Nordstjernen». Sjøhistorie.no. Henta 4. august 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 2». Skipet. Nr. 2 (Rådal: Skipet). Volum 14: 25. Henta 4. august 2020. 

Litteratur endre