Funcom
Funcom er eit norsk dataføretak som vart starta i 1993 av Erik Gløersen, Tyr Neilsen, Andre Backen, Gaute Godager, og Olav Mørkrid. Selskapet er kjend for dataspel som «Drømmefall», «Age Of Conan» og det nettbaserte rollespelet «Anarchy Online». Av dei opphavlege grunnleggarane er berre Gaute Godager igjen inne i selskapet.
Funcom | |||
Org.form | Aksjeselskap (OSE: FUNCOM) | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 925209171 | ||
Bransje | Dataspelindustrien | ||
Skipa | 1993 | ||
Eigar | Tencent[1] | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | Dataspel | ||
Adm.dir. | Rui Casais | ||
Tilsette | 302 (2008) | ||
Nettstad | http://www.funcom.com (engelsk) |
Funcom vart registrert på Oslo Børs den 13. september 2005. I 2006 hadde selskapet rundt 180 tilsette, med omtrentleg 120 som held til i Oslo.
Den 14. mars i 2007 sendte selskapet ut ei pressemelding der dei gjekk inn for berre å selje spel som treng internett for godkjenning. Grunnen skal vere ulovleg nedlasting som har gjeve store tap.[2]
Lanserte spel
endreTittel | Kom ut | Sjanger | Plattform | Merknad |
---|---|---|---|---|
A Dinosaur's Tale | 1994 | Eventyr | Mega Drive/Genesis | |
Daze Before Christmas | 1994 | Action | Mega Drive/Genesis, SNES | |
Fatal Fury Special | 1995 | Slostespel | Mega-CD | Porta av Funcom |
Samurai Shodown | 1995 | Slostespel | Mega-CD | Porta av Funcom |
Disney's Pocahontas | 1996 | Eventyr | Mega Drive/Genesis | |
Nightmare Circus | 1996 | Action | Mega Drive/Genesis | |
Winter Gold | 1996 | Idrettsspel | SNES | |
DragonHeart: Fire & Steel | 1996 | Action | PC, PlayStation, Sega Saturn | |
Impact Racing | 1996 | Resarspel | PlayStation, Sega Saturn | Utvikla av Funcom Dublin |
Casper | 1996 | Problemløysingseventyr | Sega Saturn | |
NBA Hangtime | 1997 | Idrett | Mega Drive/Genesis | |
Speed Freaks | 1999 | Resarspel | PlayStation | Utvikla av Funcom Dublin |
The Longest Journey | 1999 | Eventyr | PC | |
CMX | 1999 | Resarspel | PlayStation | Utvikla av Funcom Dublin |
No Escape | 2000 | Skytespel | PC | |
Anarchy Online | 2001 | MMORPG | PC | |
Dreamfall: The Longest Journey | 2006 | Eventyr | PC, Xbox | |
Age of Conan: Unchained | 2008 | MMORPG | PC | |
Age of Conan: Rise of the Godslayer | 2010 | MMORPG | PC | Den første utvidingspakken for Age of Conan |
The Secret World | 2012 | MMORPG | PC | |
Fashion Week Live | 2012 | Facebookspel | Motebasert sosialt spel | |
Pets vs. Monsters | 2012 | MMORPG | PC, Mac OS X | |
Lego Minifigures Online | 2015 | MMORPG | PC, Android, iOS | Utvikla av Funcom Oslo |
The Park | 2015 | Eventyr | PC, PS4, Xbox One | Utvikla av Funcom Oslo |
Hide and Shriek | 2016 | Fleirspelar | PC | Utvikla av Funcom North Carolina |
Secret World Legends | 2017 | MMORPG | PC | Utvikla av Funcom North Carolina |
Conan Exiles | 2018 | Overlevingsspel | PC, PS4, Xbox One[3] | Utvikla av Funcom Oslo |
Mutant Year Zero: Road to Eden | 2018 | Turbasert strategispel | PC, PS4, Xbox One | Utvikla av The Bearded Ladies[4] |
World Heroes CD | Kansellert | Slostespel | Mega-CD | |
Midgard | Kansellert | MMORPG | PC |
Kjelder
endre- ↑ https://www.pcgamer.com/every-game-company-that-tencent-has-invested-in/; vitjingsdato: 12. april 2020.
- ↑ adventuresgamers.com
- ↑ «Conan Exiles Coming to Xbox One, New Trailer Released - OnlySP». www.onlysp.com. Arkivert frå originalen 3. oktober 2018. Henta 26. november 2016.
- ↑ Kain, Erik. «'Mutant Year Zero: Road To Eden' Looks Great But It Needs A New Name». Forbes. Henta 13. november 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Spel frå Funcom
- Drømmefall
- Age Of Conan Arkivert 2007-06-18 ved Wayback Machine.
- Anarchy Online
- Den Hemmelege Verda