Fylkesveg 241 i Sogn og Fjordane

veg i Vestland
Sjå òg fylkesveg 241 (fleirtyding).

Fylkesveg 241 i Sogn og Fjordane går mellom Gudvangen og Bakka i Aurland kommune. Vegen går langs vestsida av Nærøyfjorden og er 4,7 kilometer lang.

Vegen på slutten av 1800-talet.
Vegen var svært rasfarleg og i 2001 vart det bygd ein tunnel på ein del av strekkja.
Vegen frå Bakka til Tufto er kommunal. Utom Tufto er fjorden veglaus.
Foto: Arno van den Tillaart

Han tek av frå Europaveg 16 i på vestsida av Nærøydalselvi i Gudvangen og går på oppsida av biloppstillingsplassen, ferjekaia og turistbåthamna og eit par hundre meter langs fjorden før han held fram inn i den 1754 meter lange Bakkatunnelen. På hi sida av tunnelen held vegen fram langs fjorden til Bakka, der fylkesvegen endar. Vidare gjennom Bakka, forbi Bakka kyrkje, og til garden Tufto går det 1,2 kilometer kommunal veg.

Vegen mellom Gudvangen og Bakka vart fyrst bygd som kjerreveg i perioden 1854–1856. I 1928 fekk kjerrevegen til Bakka og ein rideveg mellom Bleiklindi og Styvi på austsida av Nærøyfjorden status som fylkesveg, og dette var då den fyrste fylkesvegen i fylket. Fyrst i 1978 vart det bygd bilveg til Bakka, men vegen var svært rasutsett og han var ofte stengd. Det vart difor bygd 1754 meter lang tunnel på strekka nærast Gudvangen. Bakkatunnelen vart opna 28. september 2001, etter å ha vore bygd på 16 månader, og gjorde vegen tryggare. Tunnelen har eitt køyrefelt og møteplass for kvar 250. meter.

Kommunar og knutepunkt endre

  Aurland

Kjelde endre

  • Kristin Ese: På god veg - Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja Forlag, Førde 2007. ISBN 978-82-91722-70-2, s. 47, 52, 57 og 59

Bakgrunnsstoff endre