Fylkesveg 5442
Brua er ikkje del av Fv92, men vegen til Masfjorden er synleg oppe i bergsida inne i dalen bak brua.
Brua er ikkje del av Fv92, men vegen til Masfjorden er synleg oppe i bergsida inne i dalen bak brua.
Strekning
Matre i Masfjorden–Ortnevik i Høyanger
Informasjon
Status
Fylke
fylkesveg
Vestland
Restriksjonar
Vinterstenging Bjordal-Stordalen

Fylkesveg 5442 går mellom Matre i Masfjorden og Ortnevik i Høyanger.

På bestemde vekedagar er det båtsamband mellom Ortnevik og Vik som kan ta med bilar.[1]

Historikk endre

I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.[2]

Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traseen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet. I 1972 var vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk, i 1976 Bjordal–Søreide og 1980 Mjølsvik–Ortnevik. Ferjesambandet mellom Ortnevik og Nordeide opna i 1983 Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.[2]

Fv5442 blei fastlagd 2019, og består av den tidlegare fylkesvegen 381 (Hordaland), og ei delstrekning av tidlegare fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane.[3]

Kommunar og knutepunkt endre

  Masfjorden

Stordalsvegen

  •  
  Sognevegen frå Matre mot 569 Flotane i Alver
  •   Matredal bru I (Matreselva, 33 m)
  •   Fossen bom for fjellovergang
  •   Haugehøl bru (Matreselva, 22,4 m)
  •   Kleivhølen bru (Matreselva, 25,35 m)

  Høyanger

Stordalsvegen

  •  
Stordalsstølen
  •   Krokevasselva bom for fjellovergang
  •   Krokevasselva bru (Krokevasselva, 29,6 m)
  •  
Bjørkelia

Fjordsvegen

  •   Nystølen
  •   Førde bom for fjellovergang
  •   Halsen bom for fjellovergang
  •  
Fv5586 Sørsidevegen frå Hest til   Ytre Oppedal i Gulen (30,3 km)

Sørsidevegen

  •  
Kv Kyrkjevegen frå Bjordal til Bårgårdkastet (0,5 km)
  •   Søreide
  •  
Vambråka
  •  
Mjølsvika
  •  
Kv Ortnevik frå   Ortnevik ferjekai til Brekke (2,0 km)
  •  
  Kommunal ferje frå Ortnevik til Måren (5,9 km) og vidare til Nordeide (7,0 km) → 55

Kjelder endre

  1. Fjord1 rute 14-185 Arkivert 3. februar 2016 på Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 Kristin Ese (2005). «Sørsidevegen i Høyanger». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Henta 25. januar 2016. 
  3. «Endringer i vegnettet 2019». Vegvesenet. 27. september 2019. Henta 4. august 2022.