Gällivare kommun
Gällivare kommun (finsk Jällivaara, sørsamisk Jiellivarre ) er ein kommune som ligg midt i Lappland i Norrbottens län nord i Sverige. Administrasjonssenter i kommunen er Gällivare.[2] Gällivare kommune grensar mot kommunane Jokkmokk, Boden, Överkalix og Kiruna i Sverige. I nordvest grensar kommunen mot Narvik kommune i Noreg. Med eit areal på 16 950 kvadratkilometer er kommunen dem tredje største etter areal i Sverige.
Gällivare kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Norrbottens län | ||
Landskap | Lappland | ||
Del av | Lappland i Sverige, Q61669396 | ||
Areal | 16 818,22 km² | ||
• land | 15 705,15 km² | ||
• vatn | 1 113,07 km² | ||
Folketal | 18 330[1] (2011) | ||
Gällivare kommun 67°08′00″N 20°39′00″E / 67.133333333333°N 20.65°E | |||
Kart som viser Gällivare kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Gällivare Municipality |
Geografi
endreGällivare består av høgfjell i nordvest som gradvis blir lågare mot søraust. Lule älv er det største vassdraget i kommunen og dannar saman med innsjøane Akkajaure og Stora Lulevatten øvre delen av sørgrensa mot Jokkmokk. Gällivare har fleire nasjonalparkar og andre verna område, bl.a Stora Sjöfallets nasjonalpark (1909), Muddus nasjonalpark (1942) og Sjaunja naturreservat. Den sørlege delen av kommunen består av store skogs- og myrområde.
E10 og E45 går gjennom kommunen og Gällivarre er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Malmbanan og Inlandsbanan. Gällivare Lapland Airport har daglege flysamband til Stockholm.
Språk
endreSamisk, meänkieli og finsk har status som offisielle minoritetsspråk i kommunen, og Gällivare er saman med nabokommunen Kiruna dei to einaste svenske kommunane med tre offisielle minoritetsspråk.[3]
Næringar
endreJordbruk og gruvedrift er tradisjonelt viktige næringar i kommunen. Nedgangen i arbeidsplassar i desse næringane har resultert i auka fråflytting. Kommunen har store vassressurser og ein aukande turisme.[2]
Tettstader
endreGällivare kommune hadde seks tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Gällivare | 8 480 |
2. | Malmberget | 6 017 |
3. | Koskullskulle | 899 |
4. | Hakkas | 383 |
5. | Ullatti | 230 |
6. | Tjautjas/Čavččas | 216 |
Kuriosa
endreDen svenske fastfoodkjeden Max Hamburgerrestauranger vart grunnlagt i Gällivare i 1968 av Curt Bergfors.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gällivare kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Store norske leksikon, snl.no, 19 april 2010, [1]
- ↑ Det svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk