Galileo Galilei

(Omdirigert frå Galilei)

Galileo Galilei (15. februar 15648. januar 1642) var ein italiensk filosof, fysikar, matematikar og astronom.

Galileo Galilei

Portrett av Galileo Galilei av Giusto Sustermans
FøddGalileo di Vincenzo Bonaiuti de' Galilei
15. februar 1564(1564-02-15)
Pisa i hertugdømet Firenze i Italia
Død8. januar 1642 (77 år)
Arcetri i Storhertugdømet Tosacana i Italia
BustadStorhertugdømet Toscana i Italia
NasjonalitetItaliensk
OmrådeAstronomi, fysikk og matematikk
Yrkeastronom, filosof, matematikar, fysikar, oppfinnar, astrolog, polyhistor, universitetslærar, vitskapsperson, ingeniør, filosof
InstitusjonarUniversitetet i Padova
Universitetet i Pisa
Alma materUniversitetet i Pisa
DoktorgradsrettleiarOstilio Ricci
Kjende studentarBenedetto Castelli
Mario Guiducci
Vincenzo Viviani[1]
Kjend forKinematikk
Dynamikk
Observasjonsastronomi
Heliosentrisme
SambuarMarina Gamba
BarnVincenzo Gamba, Virginia Galilei
MedlemAccademia della Crusca
Accademia Nazionale dei Lincei
Accademia delle Arti del Disegno
Signatur

Oppveksten endre

Galileo Galilei blei fødd i Pisa. Faren hans, Vincenzo, var musikar og ville at sonen skulle bli det same. Då Galilei voks opp, vart økonomien til familien dårlegare, og foreldra bestemte seg for at sonen skulle satse på ein karriere innan medisin.

Galilei hadde ikkje nokon interesse for medisin, men var veldig interessert i mekanikk og matematikk. Han vart sannsynlegvis interessert i dette ved at han byrja å studere musikkinstrumenta til faren. Interessa hadde òg vore familien tidlegare. Han byrja spesielt å interessere seg for eksperiment.

Forsking endre

 
Galileo Galilei framfor inkvisisjonen. Måler av Cristiano Banti frå 1857.

Galileo Galilei la grunnlaget for den eksperimentelle vitskapen. Han var overbevist om at naturlovene ikkje var så kompliserte som kyrkja og andre samtidige vitskapsmenn påstod. Han meinte at det var mogleg å bevise hypoteser om naturen gjennom eksperiment og testar i verkelegheita. Dessutan hevda han at om ein kunne bevise at ein teori stemde i verkelegheita så var alle andre teoriar feil. Dette var kyrja spesielt misnøgde med. Ein del av dei seinare oppdagingane til Galilei var i strid med standpunkta til kyrkja i samtida hans.

Fysikk endre

Under studietida si sat han ein gong i katedralen i Pisa under ei lang messe. Han observerte eit røykelseskar som svinga fram og tilbake, og at tida mellom svingingane var den same ved store og små svingingar. Han gjekk så heim og eksperimenterte med ulike pendlar, og formulerte ein teori om rørsler for pendlar. Etter studia arbeidde han som lærar og professor i matematikk ved Universitetet i Pisa og Padova. Frå 1610 arbeidde han hos storhertugen i Toscana.

I 1609 hadde ein optikar i Nederland konstruert ein moderne kikkert. Galilei blei interessert i tanken om at ein kunne forstørre noko som var på lang avstand, og fann ut at han skulle bygge ein kikkert. Ved hjelp av teikningar frå Nederland lagde han ein forbetra type. Konstruksjonen hans fungerte, og det blei ein kikkert som forstørra åtte gonger. Etter ei tids arbeid kunne den forstørre 33 gonger, og Galilei retta han mot himmelen. Der oppdaga han noko som skulle komme til å påverke han sterkt.

Astronomi endre

Med kikkerten kunne Galilei observere eit stort tal stjerner. Han observerte au Venus i ulike fasar, solflekkar, fjell og krater på månen, noko mystisk rundt Saturn og fire av månane til Jupiter. Observasjonane gjorde han overbevist om at det heliosentriske verdsbildet var det rette.

Bøker endre

Boka med tittelen «Dialog om dei to verdssystema» som han gav ut i 1632, skapte kaos og i 1633 blei han stilt for ein domstol. Han blei da tvinga til å legge bort alt omkring den «feilaktige læra». Pave Urban VIII beskytta han og gav han ein mild straff på grunn av hans alder og sjukdom. Han fekk husarrest resten av livet. Men Galilei fortsette arbeidet sitt og gav i 1638 ut boka «Samtale og matematiske demonstrasjonar om to nye vitskapar», der han skreiv ned dei fysiske teoriane sine. Desse la grunnlaget for det seinare arbeidet til Isaac Newton.

Galilei døydde i Firenze i 1642.

Kjelder endre