Opna hovudmenyen

Alina Astafei, opphavleg Galina Astafei, (fødd 7. juni 1969) er ein rumensk-tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Bucuresti som tevla i høgdehopp. Ho representerte Romania til 1994, frå 1995 Tyskland. Astafei vann i 1992 OL-sølv, 1995 VM-sølv og EM-bronse 1998. Vintersesongen 1995 sigra ho i øvinga ved innandørs-VM,

Alina Astafei

Galina Astafei.jpg

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 7. juni 1969
București
Idrett friidrett
Yrke høydehopper

AktivEndra

Astafei vann høgdetevlinga ved junior-EM 1987 og junior-VM 1987, i den siste meisterskapen svinga ho seg over 2,00 meter. Vinteren 1989 sigra ho ved innandørs-EM i Haag med eit hopp på 1,96 m, norske Hanne Haugland klarte same høgda men hadde fleire riv. Størst suksess for fødelandet Romania hadde Astafei då ho vann sølvmedaljen under Sommar-OL 1992 med eit hopp på 2,00 m.

Frå januar 1995 budde Astafei i Tyskland, der ho fekk statsborgarskap etter kort tid. Ho var då i sitt livs beste form, den 3. mars tok ho seg over 2,04 m ved eit innandørsstemne i Berlin. Åtte dagar seinare, den 11. mars 1995, vann ho høgdetevlinga under innandørs-VM i Barcelona, ho var den einaste som makta 2,01 m. Utandørssesongen 1995 sette ho personleg rekord med 2,01 m i Wörrstadt, før ho under VM 1995 i Göteborg kneip sølvmedaljen framom Inha Babakova frå Ukraina, begge stoppa med 2,00 meter som teljande resultat.

Vinteren 1996 vart Astafei innandørs europameister for andre gong, under meisterskapen i Stockholm klarte ho 1,98 m. I Friidretts-EM 1998 i Budapest fekk Astafei bronsen med 1,95 m, i ei tevling utan dei høge hoppa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra