Gartnarar
Gartnarar eller lauvhyttefuglar er ein biologisk familie av 20 fugleartar i sju slekter av gartnarar og kattefuglar. Det vitskaplege namnet er Ptilonorhynchidae. Dette er mellomstore sporvefuglar med variasjon i storleik frå 22 cm og 70 gram for gyldengartnar til 40 cm og 230 gram for grågartnar. Dietten deira er hovudsakleg sett saman av frukt, men kan òg femne om insekt, blomar, nektar og blad hos einskilde artar[1].
Gartnarar | |
Flammegartnar, Sericulus aureus Illustrasjon John Gould, Public domain | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Infraorden: | Climacterida |
Familie: | Gartnarar Ptilonorhynchidae G. R. Gray, 1841 |
Sjølv om utbreiinga er sentrert rundt tropiske regionar av Ny-Guinea og nordlege Australia, har nokre artar leveområde som strekkjer seg inn sentrale, vestlege og søraustlege Australia. Dei okkuperer ei rekkje ulike habitat, inkludert regnskog, eukalyptus og akasieskog, og dessutan i buskskog.
Gartnarar er mest kjente for den unike åtferda si på spelplassen, der hannar byggjer ein overbygd konstruksjon, ei «lauvhytte», og dekorerer ho med kvister og fargerike objekt i strevet på å trekkje til seg ein make.
Skildring
endreKattefuglar, fuglar i slekta Ailuroedus, er monogame, men alle andre gartnarar er polygyniske, der hofuglen byggjer reiret, rugar og syter for ungane åleine. Desse sistnemnde artane er vanlegvis kjønnsdimorfistiske, og hannfuglen har mest iaugefallande farger i fjørdrakta. Hoene byggjer reiret ved å leggje mjukt materiale, slikt som lauv, bregnar og andre plantedelar, over eit laust fundament av trepinnar. Dei legg eit eller to egg, som blir klekt etter 19 til 24 dagar, avhengig av arten.[1]
Det mest særmerkte for gartnarar er den ekstremt komplekse åtferda ved paringsspel og kurtise, der hannar byggjer eit slags bur eller hytte for å vekkje merksemd ovanfor makar. Det finst to typar konstruksjonar:
- Ei gruppe av gartnarar byggjer såkalla maistangbur ved å setje småpinnar rundt eit lite treskot, hos einskilde artar får desse konstruksjonane eit hytteliknande tak.
- Hos den andre gruppa byggjer hannen eit allé-type bur laga av to vegger av vertikalt plasserte pinnar.
I og rundt buret til legg han ei rekkje fargerike gjenstandar han har samla. Desse objekta - vanlegvis ulike hos kvar enkelt art - kan femne om hundrevis av skjel, blad, blomar, fjører, steinar, bær, og til og med plastavfall, myntar, spikrar, riflekuler eller glasbitar. Hannane arbeider i mange timar med å arrangere denne samlinga. Innanfor same arten finst ei generell utforming av hyttene, i tillegg viser dei monaleg variasjon. Innsamling av gjenstandar reflekterer hannane sine artsspesifikke tendensar og evna dei har til å skaffe element innanfor habitatet, ofte stel dei frå nabohytta. Fleire studium av ulike artar har vist at fargene i dekorasjonar er tilpassa preferansane til hofuglane.
Mange artar av gartnarar er dyktige imitatorar. Fakkelgartnar, til dømes, har vorte observert i å imitere griser, fossefall, og menneskeleg prat. Atlaskgartnar vil vanlegvis etterlikne andre lokale artar som del av kurtisen sin.
Artslista
endreGartnarar og kattefuglar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Slekt Ailuroedus
- Kvitøyrekattefugl, Ailuroedus buccoides, White-eared Catbird, Temminck, 1835, (LC)
- Kanelbukkattefugl, Ailuroedus stonii, Ochre-breasted Catbird, Sharpe, 1876
- Brunkronekattefugl, Ailuroedus geislerorum, Tan-capped Catbird, Meyer, AB, 1891
- Flekkattefugl, Ailuroedus maculosus, Spotted Catbird, Ramsay, EP, 1875
- Huonkattefugl, Ailuroedus astigmaticus, Huon Catbird, Mayr, 1931
- Svartkronekattefugl, Ailuroedus melanocephalus, Black-capped Catbird, Ramsay, EP, 1883
- Okerbukkattefugl, Ailuroedus jobiensis, Northern Catbird, Rothschild, 1895
- Arfakkattefugl, Ailuroedus arfakianus, Arfak Catbird, Meyer, AB, 1874
- Svartøyrekattefugl, Ailuroedus melanotis, Black-eared Catbird, Gray, 1858, (LC)
- Grønkattefugl, Ailuroedus crassirostris, Green Catbird, Paykull, 1815, (LC)
Slekt Scenopoeetes
- Tannkattefugl, Scenopoeetes dentirostris, Tooth-billed Bowerbird, Ramsay, 1876, (LC)
Slekt Archboldia
- Gultoppgartnar, Archboldia papuensis, Archbold's Bowerbird, Rand, 1940, (NT)
Slekt Amblyornis
- Brungartnar, Amblyornis inornata, Vogelkop Bowerbird, Schlegel, 1871, (LC)
- Fakkelgartnar, Amblyornis macgregoriae, MacGregor's Bowerbird, De Vis, 1890, (LC)
- Stripegartnar, Amblyornis subalaris, Streaked Bowerbird, Sharpe, 1884, (LC)
- Gullmankegartnar, Amblyornis flavifrons, Golden-fronted Bowerbird, Rothschild, 1895, (LC)
- Gyllengartnar, Amblyornis newtoniana, Golden Bowerbird
Slekt Sericulus
- Gullgartner, Sericulus aureus, Masked Bowerbird, Linné, 1758, (LC)
- Flammegartner, Sericulus ardens, Flame Bowerbird, d'Albertis & Salvadori, 1879, (LC)
- Eldmankegartnar, Sericulus bakeri, Fire-maned Bowerbird, Chapin, 1929, (NT)
- Regentgartnar, Sericulus chrysocephalus, Regent Bowerbird, Lewin, 1808, (LC)
Slekt Ptilonorhynchus
- Atlaskgartnar, Ptilonorhynchus violaceus, Satin Bowerbird, Vieillot, 1816, (LC)
Slekt Chlamydera
- Vestgartnar, Chlamydera guttata, Western Bowerbird, Gould, 1862, (LC)
- Flekkgartnar, Chlamydera maculata, Spotted Bowerbird, Gould, 1837, (LC)
- Grågartnar, Chlamydera nuchalis, Great Bowerbird, Jardine & Selby, 1830, (LC)
- Kastellgartnar, Chlamydera lauterbachi, Yellow-breasted Bowerbird, Reichenow, 1897, (LC)
- Okerbukgartnar, Chlamydera cerviniventris, Fawn-breasted Bowerbird, Gould, 1850, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bowerbird» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2010
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Frith, Clifford B. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 228–331. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. september 2020
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar av gartnarar hos Internet Bird Collection