Geir-Ketil Hansen
norsk politikar
Geir-Ketil Hansen (fødd 13. mars 1956 i Narvik) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. Han sat på Stortinget frå Nordland fylke frå 2001 til 2005 og vart vald inn att ved stortingsvalet 2009. Han var vararepresentant i periodane 1989–93 og 2005–09. Det siste halve året av sistnemnde periode møtte han fast for Åsa Elvik.
Geir-Ketil Hansen | |||
Fødd | 13. mars 1956 (68 år) Narvik | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Høgskolen i Telemark | ||
Alle verv |
|
Hansen var medlem av Narvik formannskap frå 1979 til 1987 og av Nordland fylkesting frå 1995 til 1999. Frå 2005 til 2009 var han fylkesråd for økonomi i Nordland og frå 2007 fylkesråd for kultur og miljø, i tillegg til nestleiar i fylkesrådet.
Frå 2006 til 2009 var han medlem av Riksrevisjonen.
Stortingets presidentskap
endre- 2001-05: første varapresident i Odelstinget
Stortingskomitear
endre- 2001-05: andre nestleiar i samferdselskomiteen
- 2005–09: medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen frå 30. mars 2009 og ut perioden
- 2009–: medlem av helse- og omsorgskomiteen