Geir Botnen

norsk pianist

Geir Botnen (fødd 27. februar 1959) er ein norsk pianist busett i Norheimsund i Hardanger.

Geir Botnen

Fødd27. februar 1959
FødestadKvam i Hordaland i Noreg
OpphavNoreg
Aktiv1983–
SjangerKlassisk musikk
Instrumentpiano
Verka somPianist

Biografi endre

Oppvekst endre

Geir Botnen er fødd og oppvaksen i Norheimsund i Hardanger. Her budde han fram til han hadde fullført vidaregåande skule. Etter dette flytta Botnen til Bergen for verkeleg å satsa på musikken.

Utdanning endre

Frå 1978 til 1983 studerte Botnen ved Bergens Musikkonservatorium under den tsjekkiskfødde pianisten Jiri Hlinka. Her fekk han invitasjonen til å spela med Bergen Filharmoniske Orkester grunna det store talentet hans. I 1982 vart han den fyrste norske pianisten som fekk ta del i Tsjajkovskij-konkurransen i Moskva. I 1998 gjennomførte Botnen også klaverkurs og interpretasjon med György Kurtág.

Karriere endre

Botnen er ein av dei mest berømte pianistane i Noreg. Han har eit repertoar som spenner frå barokkmusikk til modernisme og nyare verk. Botnen speler blant anna Mozart og Beethoven, men har vore spesielt oppteken av klaververka til Edvard Grieg og Geirr Tveitt. Han har vore solist med ei rekkje av dei norske og utanlandske symfoniorkestera. Botnen har blant anna spelt under svært anerkjende dirigentar som Alan Gilbert, Arvid Jansons, Dmitri Kitayenko og Edward Serov.

I tillegg til samarbeidet mellom Botnen og symfoniorkestra har pianisten spelt ei rekkje konserter internasjonalt og i Noreg. Botnen har blant anna opptredd på mange festivalar. Nokre av desse er Festspillene i Bergen, Risør Kammermusikkfest, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og St. Magnus-festivalen på Orknøyane.

Sidan 1988 har han vore aktiv i ensemblet Trio i ein fjord, saman med vokalisten Reidun Horvei og felespelaren Knut Hamre. Dette arbeidet har resultert i ei rekkje innspelingar på plateselskapet Simax. I 1993 opna Botnen 150-årsjubileet til Edvard Grieg. I denne samanhengen reiste han også på ein turné der han spelte Grieg i ei rekkje asiatiske hovudstader.

I 2004 spelte Botnen på programmet ved Nobels Fredspris-utdelinga i Oslo. I 2007 inngjekk operasongaren Harald Bjørkøy og Botnen eit samarbeid som skulle visa seg å bli svært vellukka. Dei to heldt konsertar blant anna i Kabuso, og på Troldhaugen. I same periode jobba Botnen også med duo-programmet mellom han sjølv og Sebastian Dørfler på cello. I 2008 spelte Botnen ei rekkje konsertar under Tveitt/Hauge-jubileet i inn og utland. Her jobba han blant anna saman med ulike aktørar som Liv Osa, Reidun Horvei, Knut Hamre og Einar Mjølsnes.

Geir Botnen har også i ei årrekkje jobba saman med blant anna Frode Rasmussen i framstillinga av Ibsens Peer Gynt. Operasongaren Arild Helleland og Geir Botnen har samarbeida i mange år og dette har resultert i mange konserter både i inn- og utland. Botnen fekk også æra av å spela på opningskonserten under Ole Bull-jubileet i 2010 på Den Nationale Scene i Bergen.

Botnen har spelt ei rekkje konserter internasjonalt, både solist opptredingar og i samarbeid med andre musikarar og orkester. Spesielt i USA, Canada, Kina, Tyskland, Tsjekkia, Sverige, Sør- Korea, Sverige og Danmark har han halde konsertar.

 
Geir Botnen under ein konsert i Nairobi i Kenya. Konserten vart overført på kenyansk TV.

2000-talet har særleg vore ein travel periode for pianisten.

Som fast pianist for det anerkjende koret Voci Nobili deltok Botnen på midten av 2000-talet på mange konserter med koret. På turneane deira opptredde dei blant anna i København, New York, Los Angeles og i fleire byar i Sør-Korea. Botnen har også jobba tett saman med fiolinisten Kristina Ebbersten og songarinna Rhoda Achieng Ondeng. Saman har dei turnert på blant anna China Shanghai International Art Festival, på Orkenøyane og i Skottland. I 2007 heldt Botnen saman med Tine Thing Helset på trompet konsertar i Noreg og Belgia. Same år opptredde Botnen i Bucuresti som solist saman med det rumenske kringkastingsorkesteret og i Chisinau med det Filharmoniske orkesteret i Moldova. Botnen heldt også konsert under Lisztfestivalen i Sopron i Ungarn same år. Vidare spelte Botnen verk av Grieg i Karlstad i Sverige saman med Hamre og Horvei. I 2007 opptredde Botnen i St. Petersburg som solist med symfoniorkesteret der. Her har han heldt ei rekkje konsertar dei siste tiåra. Under Tveitt/Hauge-jubileet i 2008 spelte Botnen blant anna i USA, Spania og på Orkenøyane. I 2010 heldt Botnen også konsert under festivalen Kenyan Classical Fusion i Nairobi. Seinare dette året gjorde han ein solistopptreden i Operaen i Kairo saman med symfoniorkesteret der som vart dirigert av Lars-Erik ter Jung. Her hadde han også ein konsert på Biblioteket i Alexandria.

Hardingtonar endre

Botnen har vore ein sentral del av grunnlegginga av den årlege festivalen Hardingtonar, som vart starta ut frå eit ynske om å auka kjennskapen om komponisten og hardingen Geirr Tveitt. Festivalen skulle i tillegg auka engasjementet og kjennskapen til folkemusikk og anna kulturskaping i Hardanger. Botnen har sidan 2006 vore styreleiar for festivalen som finn stad i Norheimsund.

Verv endre

  • Styremedlem i Harding Puls 1996 – 2005.
  • Styremedlem i Jiri Hlinkas Internasjonale Musikkakademi.
  • Formann og kunstnarisk leiar i musikkfestivalen Hardingtonar.

Diskografi endre

  • Geirr Tveitts Femti folketonar frao Hardanger opus 150 (Vest-Norske Plateselskap) 1983
  • Norske folkeviser og slåtter opus 66 og 72 av Edvard Grieg (med Reidun Horvei og Knut Hamre) (Simax)
  • 20. årh. Fløytemusikk (med Ingela Øien) (Simax) 1994
  • Miniatures Bit 2 0 Ensemble (Simax)
  • Geirr Tveitt sonate nr 29, Solguden dans og andre klaverstykker (Simax) 1995
  • Geirr Tveitt: Piano Works (Simax) 1995
  • Grieg i Hardanger (Simax) 1996
  • Tveitt: Fifty Folk Tunes from Hardanger (med Reidun Horvei) (Simax) 1996
  • Heaven My Dream (med Rhoda Achieng Gravem) (Lynor) 1996
  • Our song is done (med koret Voci Nobili) (Bergen Digital Studio) 2007
  • Diverse Artister: I Dovregubbens Hall - Grieg for barn (Barneselskapet) 2007
  • Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (med koret Acta Musicae) (CANTANDO Musikkforlag) 2011

Bakgrunnsstoff endre