Sandterne

fugleart
(Omdirigert frå Gelochelidon nilotica)
Sandterne
Sandterne i Gilgit-Baltistan i Pakistan Foto: Imran Shah
Sandterne i Gilgit-Baltistan i Pakistan
Foto: Imran Shah
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sandterne
Utbreiinga av sandterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Sterninae
Slekt: Gelochelidon
Art: Sandterne G. nilotica
Vitskapleg namn
Gelochelidon nilotica

Sandterne (Gelochelidon nilotica) tidlegare Sterna nilotica,[1] er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho er no klassifisert i si eiga biologiske slekt. Slektsnamnet er frå gammalgresk Gelao, «å le», og khelidon, «svale». Den spesifikke namnedelen niloticus er frå latin og tyder «frå Nilen».[2] Utbreiingsområdet er tempererte og tropiske område på alle kontinent.

Skildring endre

Sandterna er ei ganske stor og kraftig terne, i storleik og generelt i utsjånaden ikkje ulik splitterne, men det korte, tjukke måseliknande nebbet, breie venger, lange bein og robust kropp er karakteristisk for sandterna. I sommardrakta har vaksne grå overside, kvit underside og ei svart hette, kraftig svart nebb og svarte bein. Lætet er eit karakteristisk ker-wilk. Sandterna er 33-43 centimeter i kroppslengd og har vengespenn på 85 til 103 cm. Kroppsmassen varierer i området 130-320 gram, varierande med underart.[3] Om vinteren forsvinn hetta, men dei held på ein mørk flekk gjennom auget. Juvenile sandterner har ei svakare maske, men elles ser dei mykje ut som vaksne i vinterdrakt.

Dette er ei noko atypisk terne, med utsjånad som ei Sterna-terne, men med levevis meir som sumpterner som svartterne og kvitvengsvartterne. Sandterner stupdukkar normalt ikkje etter fisk slik som dei andre kvite ternene, og har eit meir variert kosthald enn dei fleste andre terner. Det beitar i stor grad på insekt som dei snappar i flukt, og jaktar òg ofte over våte marker og sjølv i område med buskar, for å ta amfibium og små pattedyr, så vel som småfuglar og fugleungar og egg av andre terner.[4] Dette er òg ein opportunistisk jeger, kan til dømes beite på trafikkdrepne augestikkarar på vegen.[5]

 
Sandterne-egg

Sandterna hekkar i varmare delar av verda, inkludert Sør-Europa, temperert og austlege Asia, begge kystane av Nord-Amerika, nordlege Karibia,austlege Sør-Amerika og Australia. Denne fuglen har ei rekkje geografiske underartar, ulike hovudsakleg i storleik og med mindre skilnader i fjørdraktdetaljar. Denne arten hekkar i koloniar ved innsjøar, myrar og kystar. Reiret ligg i ei grunn senking i bakken og dei legg to til fem egg. Medan habitata ligg ved ferskvassområde i Eurasia, er dei forbunde nesten utelukkande med saltvatn i kystområda i Nord-Amerika.[4]

Alle former syner tendens til å spreie seg etter hekkesesongen, men dei nordlege hekkfuglane er dei sterkaste trekkfuglar, dei overvintrar i Afrika, Karibia og nordlege Sør-Amerika, Sør-Asia og New Zealand.

Eit estimat på den globale sandternebestanden er 150 000–320 000 individ.[3] Bestanden er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[6]

Kjelder endre

Referansar
  1. Bridge, E.S.; Jones, A.W.; Baker, A.J. (2005). «A phylogenetic framework for the terns (Sternini) inferred from mtDNA sequences: implications for taxonomy and plumage evolution». Molecular Phylogenetics and Evolution 35: 459–469. PMID 15804415. doi:10.1016/j.ympev.2004.12.010. 
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 171, 272. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. 3,0 3,1 Gochfeld, M., Burger, J., Kirwan, G.M. & Garcia, E.F.J. (2016). Gull-billed Tern (Gelochelidon nilotica) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 2. november 2016
  4. 4,0 4,1 Gull-billed Tern. All About Birds. Cornell Lab of Ornithology.
  5. Sivakumar, S. (2004). «Gull-billed Tern Gelochelidon nilotica (Gmelin, 1789) feeding on insect road kills» (PDF). Newsletter for Ornithologists 1 (1–2): 18–19. 
  6. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gelochelidon nilotica Arkivert 2015-06-08 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. november 2016

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sandterne