Opna hovudmenyen

Georg Ferdinand Ludwig Philipp Cantor (fødd 3. mars 1845 i St. Petersburg, død 6. januar 1918 i Halle) var ein tysk matematikar.

Georg Cantor
Georg Cantor2.jpg
Fødd19. februar 1845 (juliansk)
St. Petersburg
Død6. januar 1918
Halle (Saale)
NasjonalitetDet tyske keisardømet
Områdemengdelære, matematikk
Yrkematematikar, filosof, universitetslærar
InstitusjonarMartin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
Alma materUniversity of Berlin
Humboldt-Universität zu Berlin
Martin-Luther-Universität Halle-Wittenberg
DoktorgradsrettleiarErnst Kummer
Karl Weierstrass
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Göttingens vitenskapsakademi
Royal Society of Edinburgh
London Mathematical Society

Han var professor i Halle. Faren hans var fødd i Danmark, og mora var frå Austerrike.

Han er grunnleggjaren av mengdelæra og er kjent for Cantorteoremet som seier at uansett kva for ei mengd vi studerer, finst det ei mengd som er større. Dette er trivielt viss ein tenkjer på endelege mengder, men ikkje viss ein tenkjer på uendelege mengder. Dei nye synspunkta hans vakte først motstand, men har sidan vist seg å vere særs viktig for oppbygginga av store delar av matematikken. Undersøkingane hans av såkalla transfinite tal er særleg kjend. På same måte som ein innfører dei vanlege heiltala for å samanlikne mengder med ei endeleg mengd element, innførte Cantor transfinite tal for å samanlikne uendelege mengder.

Cantor vart utnemnt til æresdoktor ved Det Kongelege Fredriks Universitet i samband med feiringa av 100-årsdagen for fødselsdagen til Niels Henrik Abel i 1902.

Prisar og utmerkingarEndra

(utval)

KjelderEndra