Ghabaghib
Ghabaghib (arabisk غباغب, Ğabāğib; òg skrive Ghabagheb) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nord for Daraa. Av stader i nærleiken finn ein Muthabin i søraust, al-Sanamayn i sør, Deir al-Bukht, Deir al-Adas i aust, Khan Dannun i nord og al-Qin i nordvest.
Ghabaghib | |||
غباغب | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Ghabaghib | ||
Høgd | 710 moh. | ||
Koordinatar | 33°11′2″N 36°13′35″E / 33.18389°N 36.22639°E | ||
Folketal | 11 802 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Ghabaghib 33°11′02″N 36°13′35″E / 33.18388889°N 36.22638889°E | |||
Kart som viser Ghabaghib.
| |||
Wikimedia Commons: Ghabaghib |
I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Ghabaghib eit folketal på 11 802 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Ghabaghib nahiyah som består av tretten landsbyar med eit samla folketal på 45 793.[1]
Historie
endreDen 16. januar 1192 nådde meldingar til Jerusalem at Alam al-Din Sulayman om at ein emir i Ajjubide-dynastiet, general Saladin, hadde døydd i Ghabaghib på veg til Aleppo.[2] Seinare, tidleg på 1200-talet, vart byen vitja av den syriske geografen Yaqut al-Hamawi som omtalte han som «ein landsby i området Hauran, kring 30 km frå Damaskus.»[3]
I 1596 dukka Gabagib opp i osmanske skattelister som ein del av nahiya Bani Kilab i Qadaen Hauran. Folkesetnaden var muslimsk og bestod av seks hushaldningar og fem ungkarar. Skatt vart betalt av kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikuber.[4]
Midt på 1800-talet var Ghabaghib ein liten landsby med bygg av svart basaltisk stein.[5] Byen låg langs karavaneruta Hajj mellom Damaskus og Mekka, og var ein rasteplass mellom Khan Dannun og al-Sanamayn.[6] Det vart bygt eit tårn i byen etter ordre frå den osmanske sultanen Selim I.[6] Ghabaghib vart seinare ein stasjon langs Damaskus–Daraa-linja til Hejaz-banen.[7] Under Syria–Libanon-felttoget i andre verdskrigen var Ghabaghib hovudkvarteret for Dei frie franske styrkane i det sørlege Syria. Byen fekk kallenamnet «Rhubarb» (rabarbra) av britiske soldatar som ssyns namnet var for vanskeleg å uttale.[8]
I 1906 skreiv turisten William Ewing at Ved Ghabaghib ... fortel dei store cisternene og spreidde ruinane om at staden var viktig i tidlegare tider».[9]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ghabaghib» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Germany: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- le Strange, Guy (1890). Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Palestine Exploration Fund (1897). Quarterly Statement. Published at the Fund's Office.
- Ewing, William (1907). Arab and Druze at home. T. C. & E. C. Jack.
- Ibn al-Athīr, ʻIzz al-Dīn (2007). Donald Sidney Richards, red. The Chronicle of Ibn Al-Athīr for the Crusading Period from Al-Kāmil Fīʼl-taʼrīkh: The years 541–589. Ashgate Publishing, Ltd. ISBN 9780754640783.
- Beke, Charles T. (1862). «Notes on an Excursion to Harrān, in Padan-Aram, and Thence over Mount Gilead and the Jordan, to Shechem». Journal of the Royal Geographical Society of London (Wiley-Blackwell) 32: 76–100. doi:10.2307/1798402.
- Newbold, Captain (1846). «On the Site of Ashtaroth». Journal of the Royal Geographical Society of London (Wiley-Blackwell) 16: 331–338. doi:10.2307/1798240.
- Smith, Colin (2009). England's last war against France: fighting Vichy 1940-1942. Weidenfeld & Nicolson.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-09 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
- ↑ Ibn al-Athir, 2007, s. 395.
- ↑ le Strange, 1890, s. 441.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 210.
- ↑ Beke, 1862, s. 87.
- ↑ 6,0 6,1 Newbold, 1846, s. 337.
- ↑ Palestine Exploration Fund, 1897, s. 200.
- ↑ Smith, 2009, s. 228.
- ↑ Ewing, 1907, s. 5.