Giulio Romano, eigentleg Giulio Pippi, (14921. november 1546) var ein italiensk målar og arkitekt under manierismen. Han var fødd i Roma og døydde i Mantova.

Giulio Romano

Statsborgarskap Italia
Fødd 1499
Roma
Død

1. november 1546 (47 år)
Mantova

Yrke arkitekt, kunstmålar, bilethoggar
Språk italiensk
Giulio Romano på Commons
Gigantanes fall, ca 1527
Palazzo Te i Mantova

Giulio Romano var elev av Rafael, og assisterte denne med dekoreringa av Stanze di Raffaello i Vatikanet. Fram til 1524 arbeidde Giulio i Roma, der han også vart påverka av Michelangelo og Donato Bramante.

Deretter vart han kalla til hoffet til hertugen Federico II Gonzaga i Mantova og gjekk nesten heilt over til å arbeide med arkitektur. Mellom 1526 og 1534 stod Giulio for bygginga av hertugen sitt palass, kalla Palazzo del Tè. Bygninga, som vert rekna for Giulio sitt meisterverk, viser fleire tydelege kjenneteikn på motiva i den manieristiske arkitekturen. Mellom anna er her tetthengande triglyfar og kolonnar som ein reiste heilt ubehandla, som om dei var komne rett frå steinbrotet. I ein av palasset sine paradesalar, Sala dei Giganti, laga Giulio illusjonistiske freskar som får heile rommet til å verke som om det er i ferd med å styrte i hop.

Kjelder endre