Gjentehirden
Gjentehirden eller jentehirden var ein del av hird-organisasjonen til det norske fascistpartiet Nasjonal Samling. Gjentehirden var ein organisasjon for unge kvinner og jenter mellom 14 og 18 år. Gjentehirden kan samanliknast med det tyske BDM (Bund Deutscher Mädel), som var ein del av Hitlerjugend. Over i rang stod Kvinnehirden og Nasjonal Samling sin kvinneorganisasjon.
Aktivitet
endreGjentehirden år hadde som oppgåve å lera borna å dansa og gjerne ta dei med på turar. I praksis kan altså gjentehirden ha vore tilsvarande speidarrørsla, berre med eit nasjonalsosialistisk tilsnitt.
Gjentehirden hadde eigen uniform. Ei menig hirdjente skulle ha blå uniform. Uniformsskjorta skulle vera gulkvit med tilhøyrande blått slips. Hovudplagg var båtlue.
For å verta medlem av hirden måtte ein sverja fylgjande eid:
- «Jeg sverger deg Vidkun Quisling som øverste hirdsjef og Fører for det norske folk å være tro og tapper, lover deg lydighet inntil døden, så sant hjelpe meg Gud.»
Fleire vart i landssvikoppgjeret etter den andre verdskrigen dømde for mellom anna å ha vore medlem i jentehirden.
Namnesoge
endreNamnet «hird» var inspirert frå norrøn tid. Hird i norrøn tid tydde krigsmennene til ein hovding, stormann eller konge. NS Ungdomsfylking var ein organisasjon for ungdomar generelt. Etter kvart vart det oppretta ymse underorganisasjonar, og frå om lag 1940 av vart det organsiert jente- og gutehird. Småhirden var for jenter mellom 10 og 14 år.
Namnet «gjente» kom av Rettskrivinga av 1941. I hovudsak gjekk rettskrivinga ut på å fjerne samnorske former i bokmål ("det Kohtske knot"), men på den andre sida ta inn nokre få særnorske symbolordformer som skulle peika attende til norrøn tid.