Gjersjøen er ein innsjø i Nordre Follo og Ås kommunar i Akershus fylke. Sjøen er 2,64 km², ligg 40 meter over havet og har ei maksimaldjupne på 63,5 meter. Gjersjøen er drikkevasskjelde for Nordre Follo og Ås kommunar.

Gjersjøen
innsjø
Fylke Akershus
Kommune Nordre Follo
Høgd over havet 40[1] moh.
Areal 2,64[1] km²
Middeldjupn 63,5[2] m
Kart
Gjersjøen
59°47′00″N 10°47′00″E / 59.783333333333°N 10.783333333333°E / 59.783333333333; 10.783333333333
Wikimedia Commons: Gjersjøen

Gjersjøen får tilrenning frå Kolbotnvannet via Kantorbekken i nordaust, og langs E 18 frå sør kjem Vassflobekken. I søraust kjem Dalsbekken frå Nærevannet via Midsjøvannet og Rullestadtjernet, og dessutan Tussebekken frå Tussetjern og fleire småtjørn i Sørmarka. Gjersjøen har avrenning til Bunnefjorden gjennom Gjersjøelva som munnar ut like sør for Hvervenbukta. Det er ein del ulike arter fisk i innsjøen som abbor, gjedde, mort og fleire karpeartar som brasme, sørv og ørekyt. Gjørs er sett ut og det er òg registrert ål og kreps i sjøen. På 1970-talet blei det meld observasjon av hork, men stadfesting på dette er ukjend.

Den sørlege delen av sjøen, Slorene, er naturvernsområde (våtmarksområde), etter plan- og bygningsloven § 12-7 nr. 6.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «NVE Atlas». Vassdrag – Innsjødatabase. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 4. februar 2015
  2. «NVE Atlas». Vassdrag – Innsjødatabase – Dybdekart. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 4. februar 2015
  3. Faktaark, PURA

Bakgrunnsstoff

endre