Gjon's Tears
Gjon Muharremaj (albansk uttale [ɟɔn muharɛmaj], fødd 29. juni 1998 i Broc i Sveits), kjend under artistnamnet Gjon's Tears, er ein sveitsisk songar og låtskrivar med kosovoalbansk bakgrunn.[1] Han skulle ha representert Sveits i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Répondez-moi». Han fekk oppdraget etter å ha vorte internt vald av den sveitsiske kringkastaren SRG SSR.[2] Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3] I staden skulle han representere Sveits i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Tout l’Univers».
Gjon's Tears | |||
| |||
Fødd | 29. juni 1998 (26 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Saanen | ||
Opphav | Sveits | ||
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | MTV Europe Music Award for Best Swiss Act |
Bakgrunn
endreMuharremaj vart fødd i Broc i vestre Sveits av ein kosovoalbansk far og ei albansk mor frå Tirana.[1][4][5] Han tok artistnamnet Gjon's Tears etter at han rørte bestefaren til tårer då han som niåring song «Can't Help Falling in Love» av Elvis Presley.[6] Som tolvåring i 2010 deltok han i fyrste sesong av talentprogrammet Albania’s Got Talent, og året etter deltok han i Die grössten Schweizer Talente – den sveitsiske utgåva tilsvarande Norske Talenter.[7]
I 2019 stilte Muharremaj opp i den åttande sesongen av The Voice: la plus belle voix — den franske utgåva av The Voice. Der song han under artistnamnet Gjon’s Tears og hadde artisten Mika som mentor. Han nådde semifinalen.[8]
I 2019 slapp Gjon’s Tears debutsingelen sin, «Babi». Songen har eit tungt innslag av pianospel og indiepop med ein albansk stil. Songen har engelske vers og albansk refreng.[9]
Eurovision Song Contest
endreI 2020 vart Gjon's Tears vald til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 2020. Han skulle ha delteke med songen «Répondez-moi», eitt av 515 bidrag som vart sendt inn til den sveitsiske kringkastaren SRG SSR. Gjon's Tears og songen vart vald av to juryar: ein publikumsjury på 100 personar og ein internasjonal jury beståande av 20 musikkekspertar.[10] Han skulle ha delteke i semifinale 2 som skulle ha vore halden i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai. Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[11]
I staden vedtok kringkastaren SRF at Gjon's Tears skulle representere Sveits i Eurovision Song Contest 2021, men med songen «Tout l’Univers».[12][13]
Diskografi
endreSinglar
endre- 2019 – «Babi»
- 2020 – «Répondez-moi»
- 2021 – «Tout l’Univers»
- 2022 – «Silhouette»
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Gjon's Tears-Biografia». teksteshqip.com (på albansk). Henta 4. mars 2020.
- ↑ «Switzerland picks Gjon's Tears with French 'Repondez-moi' for Rotterdam». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ Farren, Neil (4. mars 2020). «Switzerland: Gjon's Tears to Eurovision 2020». Eurovoix.
- ↑ «Gjon's Tears et Léonard se qualifient pour les quarts de finale de The Voice». La Gruyère (på fransk). 19. mai 2019. Henta 4. mars 2020.
- ↑ «Répondez-moi! Gjon's Tears will represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020.
- ↑ «Gjon Muharremaj, shqiptari që befasoi jurinë e “The Voice” në Francë me zërin e tij». telegrafi.com (på albansk). 22. mai 2019. Henta 4. mars 2020.
- ↑ «Will Gjon's Tears represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 28. februar 2020. Henta 4. mars 2020.
- ↑ «Will Gjon's Tears represent Switzerland at Eurovision 2020» (på engelsk). 28. februar 2020. Henta 4. mars 2020.
- ↑ «Switzerland: Gjon's Tears to Eurovision 2020 with "Répondez-moi"». 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Switzerland: Gjon's Tears Will Go To Eurovision 2021» (på engelsk). 20. mars 2020. Henta 21. mars 2020.
- ↑ «Gjon's Tears presents 'Tout l‘Univers'» (på engelsk). 10. mars 2021. Henta 10. mars 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Gjon's Tears» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2021.