Grønlandsk morfologi

Grønlandsk morfologi er oversynet over ordstrukturen i grønlandsk.

Grønlandsk har fire ordklasser, nomen, demonstrativar, verb og partiklar. Nomena blir bøygd i kasus, numerus og person og tal, og dei omfattar det vi frå andre språk kjenner som substantiv og pronomen. Demonstrativane kan ta prefiks, og dei blir bøygd i eit sett kasus som er ulikt dei for nomena. Verba er transitive eller intransitive. Partiklane har lite eller inga bøying, dei kan bli delt opp i fleire ordklasser etter syntaktiske kriterium. I tillegg til partiklar som er sjølvstendige ord finst det også partiklar som er del av orda dei står til, såkalla enklitiske partiklar.

VerbEndra

Grønlandsk har ei rik verbbøying, verba bøyast i modus (8 modi) og i person og numerus.

Oversyn over bøyingskategorianeEndra

ModusEndra

Grønlandsk har åtte modi. Fire av dei er overordna (verb i desse modi kan danne hovudsetjing), fire er underordna (og dannar leddsetning). Dei danske namna står i parantes:

Indikativ (som i sinippoq ‘ho søv’) er umarkert modus, som blir brukt til forteljande setningar. interrogativ (som i sinippa ‘søv ho?’) er eit modus som markerer spørsmål, både ja/nei-spørsmål og andre spørsmål. Jf. desse døma (døma i dette avsnittet er frå Bjørnum 2003:39ff), som viser spørsmål i interrogativ og svar i indikativ: Piitaq biileqarpa? ‘Har Peter ein bil?’ — Aap, biilerqarpoq ‘Ja, han har ein bil.’ Napparsimavit? ‘Er du sjuk?’ — Naamik, napparsimanngilanga. ‘Nei, eg er ikkje sjuk.’, Qassinut soraassavit? ‘Når får du fri?’ Sisamanut soraassaanga ‘Eg får fri klokka fire’.

Imperativ uttrykkjer befaling og optativ uttrykkjer ønske. Desse to utfyller kvarandre.

Kausativ (da-fordi-måde) er ein underordna modus som blir brukt i leddsetningar, både tilsvarande norsk (tid) og fordi (årsak).

  1. Qaarsuniikkavit qimmeqarpit? "Qarsooq.vere.Kau.2Sg hund.ha.V.Int.2Sg" ‘Hadde du hundar, då du var i Qaarsut?’
  2. Sinnartoorama inortuivunga ‘Eg kjem for seint, fordi eg har forsove meg’

Viss subjektet i leddsetninga er det same som i hovudsetninga, står kausativverbet i 4. person.

  • Feeriaqarami aallarpoq ‘Han reiste fordi han hadde ferie.’

Kondisjonalis (når-hvis-måde) er ein underordna modus som blir brukt i leddsetningar, tilsvarande norsk viss (vilkår) eller når (når utfallet er kjent). Kondisjonalisverbet står i 4. person når det har same subjekt som hovudverbet.

  1. Pulaarunni kaffiliussaaq ‘Viss eg besøker han, lagar han kaffi.’

Kontemporativ, i litteraturen også kalla infinitiv, blir brukt i leddsetningar. Tydinga kan samanliknast med norsk presens partisipp: Qasullunga angerlarpunga ‘Eg gjekk trøytt heim (verande trøytt gjekk eg heim)’.

Viss verbet i kontemporativ er transitivt, kongruerer det berre med objektet, ikkje med subjektet: Igalaaq matoriarlugu anivunga ‘Eg lukka vindauget og gjekk ut’ / Igalaaq matoriarlugu anipput ‘Dei lukka vindauget og gjekk ut’. Her er kontemporativforma matoriarlugu uendra, den kongruerer med objektet igalaaq, mens verbet i matrisesetninga anivoq viser personen til subjektet, 1. person eintal (-vunga) eller 3. person fleirtal (-pput).

Kontemporativ blir også brukt ved utsegnsverb: Soraarluni oqarpoq ‘Ho sa, at ho hadde fått fri’.

Brukt aleine kan kontemporativ bli oppfatta som ei befaling: Matu matullutu! ‘Lukk døra!’.

Partisipalmåte er ein underordna modus som blir brukt der hovudsetninga og leddsetninga har ulikt subjekt:

  1. Qiiasoq takuara "qiia.V.Par.3Sg taku.V.Ind.1Sg.3SgO" ‘Eg såg, at han fraus’
  2. Qiialluni oqarpoq "qiia.V.Kont.4Sg oqar.V.Ind.3Sg" ‘Han sa, at han (sjølv) fraus’

I (1) har dei to setningane ulikt subjekt, og det underordna verbet står i partisipalmåte. I (2) har dei same subjekt, og det underordna verbet står i kontemporativ.

Person og talEndra

Verba er delt inn i to klasser, intransitive og transitive; dette skiljet er grunnleggjande — ikkje berre for syntaksen, men også for morfologien til verba. Grønlandske verb kongruerer med både subjekta og objekta sine, og dei intransitive verba manglar fullstendig objektskonjugasjon. Grønlandsk har fire personar, første, andre, tredje og fjerde. Det som i grønlandsk grammatikk blir kalla fjerde person er refleksiv, dvs. den viser at verbet har same subjekt som verbet i den overordna setninga.

Grønlandsk har to numerus (singularis, pluralis; grønlandsk manglar altså dualis, som vi finn i inuktitut).

Bøyingsklasser og paradigmeEndra

Verb i grønlandsk er anten intransitive eller transitive, dette skiljet er viktigare for grønlandsk enn for mange andre språk. Intransitive verb kongruerer med subjektet, transitive både med subjektet og et, bøyingsparadigmet for dei to typane blir dermed totalt ulike, til skilnad frå t.d. norsk, der verb som t.d. hoppe og droppe har ulik transitivitet men lik bøying. Der transitive verb inngår i setningar utan objekt blir dei bøygd intransitivt.

Både transitive og intransitive verb blir i grønlandsk delt inn i tre ulike stammeklassar, vokalstammar, r-stammar og konsonantstammar, alt etter kva dei endar på.

NomenEndra

Grammatiske kategoriarEndra

Grønlandsk har åtte kasusabsolutiv, relativ, terminativ, ablativ, lokativ, ækvativ, instrumentalis.

Bøyingsklassar og paradigmeEndra

Nomena (substantiv og pronomen) er delt inn i to bøyingsklasser, ein regelrett klasse (p-klassen, som har suffikset -p i relativt kasus), og ein uregelrett klasse (up-klassen, som har suffikset -up). Dei siste hundre åra har fleire og fleire substantiv gått over frå up- til p-klassa. Denne overgangen har resultert i ei eiga overgangsklasse av substantiv som blir bøygde dels etter up- og dels etter p-mønsteret.

Kasusendingar i grønlandsk
kasus eintal fleirat
Absolutiv -q/-t/-k/-Ø -t
Relativ -p -t
Instrumentalis -mik -nik
Allativ -mut -nut
Lokativ -mi -ni
Ablativ -mit -nit
Terminativ -kkut -tigut
Ekvalis -tut -tut

PartiklarEndra

Sjølvstendige partiklarEndra

Enklitiske partiklarEndra

Enklitiske partiklar blir i den danskspråklege grammatiske tradisjonen for grønlandsk kalla efterhæng, til skilnad frå avleiingssuffiks, som blir kalla tilhæng. Skilnaden er framfor alt at alle dei enklitiske partiklane kan bli lagt til alle ordformer, mens dei ulike avleiingssuffiksa er avgrensa til ulike stammeklassar. Dei enklitiske partiklane kjem etter alle avleiings- og bøyingsendingane.

Det er også skilnader i måten suffikseringa skjer på. Mens visse avleiingssuffiks endrar stammen dei blir lagt til, skjer det i mindre grad for enklitiske partiklar.

LitteraturEndra

  • Bergsland, Knut 1955?: A grammatical outline of the Eskimo language of West Greenland. Oslo : Skrivemaskinstua, Stortingsgt.
  • Bjørnum, Stig 2003: Grønlandsk grammatik. Nuuk: Forlaget Atuagkat.
  • Egede, Paul 1750: Dictionarium Grönlandico-Danico-Latinum : complectens primitiva cum suis derivatis, qvibus interjectae sunt voces primariae è Kirendo Angekkutorum adornatum. Hafniae : Gottm. Frid. Kise.
  • Fortescue, Michael D. 1984: West Greenlandic. Croom Helm descriptive grammars. London : Croom Helm.
  • Kleinschmidt, S. 1851: Grammatik der grönländischen Sprache mit teilweisem Einschluß des Labradordialekts. Berlin.
  • Nielsen, Flemming A. J. 2012: Vestgrønlandsk grammatikk. Nuuk.