Jernmaurpitta

art av sporvefuglar

Jernmaurpitta (Grallaria rufocinerea) er ein fugl i maurpittafamilien. Han er nær endemisk for Colombia, men ein underart, Grallaria r. romeroana kan treffast lengst nordvest i Sucumbíosprovinsen i Ecuador, i tillegg til i vestre Putumayo-departementet i Colombia. Nominatforma lever i sentrale fjellkjeda av Andes frå vestre Huila-departementet i sør nordover til sørlege Antioquia-departementet.

Jernmaurpitta
Jernmaurpitta
Jernmaurpitta
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av jernmaurpitta
Utbreiinga av jernmaurpitta
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurrikser Formicariidae
Slekt: Grallaria
Art: Jernmaurpitta G. rufocinerea
Vitskapleg namn
Grallaria rufocinerea

Skildring

endre
 
Illustrasjon av Joseph Smit, 1890

Med ei kroppslengd på 15,5 til 16 centimeter, typisk for slekta Grallaria, er jernmaurpittaen ein mellomstor maurpitta. Hovudet med hals, og heile oversida er mørk raudbrun, undersida har ei kontrastrik gråfarge. Strupeområdet er mørkt.[1] Denne arten lever i underskog, fuktig skog og gjenreist skog, frå 2000 til 3660 moh.,[2] men nokre gonger ned til 1950 moh.[1]

Den totale populasjonen er estimert til å ligge i området frå 2 500 til 10 000 individ. Arten er klassifisert som sårbar.[1]

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 BirdLife International (2015)
  2. Krabbe et al, 2003

Bakgrunnsstoff

endre