Tippbil

(Omdirigert frå Grusbil)

Tippbil er som oftast ein lastebil med open platt (plattbil), med hydraulisk tipp. Tippbilar vert ofte nytta til transport av sand og grus, asfalt og ymse bulkvarer som korn. For transport av lettare bulkvarer, jord og grus kan platten vera utstyrt med tre- eller aluminium karmar. For transport av stein og pukk er det i dag vanleg å nytta ein meir robust dumperkasse.

Scania 124 C tippbil.
Ein stor tippbil (Kenworth), utstyrt med to (teleskopiske) tippsylindrar.

Grusbil endre

Før det vart vanleg med asfalt på vegane vart tippbilar ofte nytta til å spreia grus på vegane. Bakluka vart då opna med ei høveleg glipe i nedkant og lasteplanet vart sakte tippa, samstundes som bilen køyrde sakte framover. Ved å avpassa farten kunne ein få så tjukt gruslag som ein ynskte. Nyengets Mek. Verksted ved Levanger tok ut patent på ein baklukemekanisme og produserte desse i fleire år [1].

Tippmekanisme endre

Dei eldste tippbilane hadde mekanisk tipp, der ei tannstong vart drive av eit tannhjul, som i byrjinga vart driva med sveiv og seinare frå eit kraftuttakgirkassen. Nyengets mek. verksted hadde patent på og stor produksjon av mekaniske tippmakanismar [1]. På moderne tippbilar driv kraftuttaker ei hydraulikkpumpe og lasteplanet vert lyfta ved hjelp av ein eller fleire tippsylindrar. For at tippsylindrane skal ta så lite plass som mogeleg er dei ofte utførte som teleskopsylindrar.

Farar ved tipping endre

 
Om lasset set seg fast kan føraren få seg ei overrasking.

For å hindra velt er det er viktig at bilen står plant og stødig under tipping og at grunnen er stabil. Dette gjeld spesielt store tippbilar. Ofte er det naudsynt å køyra fram litt med platten oppe og da må ein forvissa seg om at hjula ikkje går ned i ei dump eller over ein hump. Om lasta seg ikkje glir av under tipping kan bilen stegla under tipping. Dette kan skje om ein gløymer å opna luka, om lasta er klebrig, slik som til dømes våt leire, eller frys fast under køyring.

Galleri endre

Kjelder endre