Jens Dunker

norsk arkitekt

Jens Gram Dunker (17. februar 189225. august 1981) var ein norsk arkitekt. Han er rekna som ein av dei leiande eksponentane for funksjonalisme i Noreg.

Jens Gram Dunker

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1892
Christiania
Død

25. august 1981 (89 år)
Oslo

Yrke Arkitekt
Jens Dunker på Commons
Oslo Nye Teater
Foto: Jorge Brazil
Centralteatret etter ombygging
Niels Juels gate 15
Foto: Jan-Tore Egge
Blokk i Myrahagen borettslag
Foto: Digitalt fortalt
Grand hotell i Namsos
Foto: O.C. Dahl

Utdanning og virke endre

Dunker gjekk på Den kongelige tegneskole i 1910-11 og studerte 1911-14 ved Technische Hochschule i Dresden. Etter eksamen der var han på ei rekkje studiereiser og var assistent ved fleire arkitektkontor i Kristiania: Morgenstierne & Eide, Arnstein Arneberg og Harald Hals. I 1919 etablerte han eigen arkitektpraksis. Same året fekk han eit gjennombrot då han vann førstepremie i ein arkitektkonkurranse om bygg til Det Nye Teater saman med Gudolf Blakstad.

Teaterbygget kan illustrera både Dunker og Blakstad si utvikling og gjennombrotet til funksjonalismen i Noreg. Dunker byrja som nyklassisist og bevega seg over i funksjonalismen. Bygget var planlagd for Uranienborgveien 11, men blei oppført i Rosenkrantz' gate 10 først i 1927-29. Vinnarutkastet i konkurransen var i rein nyklassisk stil, mens det endelege resultatet i dag kan gjenkjennast som «funkis», ikke minst fasaden.[1]

Dunker leverte viktige bidrag til norsk funksjonalisme gjennom ulike bygningstypar: bygardar, bustadblokker, rekkjehus, villaer, teater og hotell. Han dreiv også restaureringsarbeid ved Oscarshall, ved fleire kyrkjer og ikkje minst som slottsforvaltar frå 1938 til 1962 (med avbrot i 1942-45, då han blei hindra av NS). Dunker blei premiert i ei rekkje konkurransar, og han bidrog også med prosjekt som ikkje blei gjennomført, sjølv om nokre av dei blei innkjøpt.

I tillegg til det reint arkitektoniske var Dunker oppteken av møblar og brukskunst. Han utforma til dømes inventaret til Leirskogen kyrkje i Sør-Aurdal. Han skreiv også ein god del om brukskunst for Foreningen Brukskunst, og var ein flittig bidragsytar til tidsskriftet Byggekunst. I tillegg var han ein dyktig teiknar. Norsk Arkitektmuseum har mange av penneteikningane hans, særleg frå utanlandsturar der han studerte arkitektur.[2]

Dunker hadde ei rekkje tillitsverv i Oslo Arkitektforening og Norske arkitekters landsforbund (han var periodevis visepresident i sistnemnde). Han blei tildelt ei rekkje ordenar og medaljar, mellom dei St. Olavs Orden (1945) og Kongens fortjenstmedalje i gull, og fleire utanlandske ordenar.

Dunker er gravlagd ved Vår Frelsers gravlund.[3]

Arbeid i utval endre

(I Oslo med mindre anna er nemnd.)

Referansar endre

  1. Wenche Findal (1996). Norsk modernistisk arkitektur: Om funksjonalismen. J.W. Cappelens forlag. s. 46-47. ISBN 82-02-16296-3. 
  2. Noen av Dunkers illustrasjoner har funnet veien til bøker. Se f.eks. Guthorm Kavli og Gunnar Hjelde (1973). Slottet i Oslo: Historien om hovedstadens kongebolig. Dreyer. 
  3. Gravferdsetaten i Oslo kommune
  4. Leirskogen kirke i Norges kirker
  5. Europeana Collections
  6. Myrahagen borettslag, arkivert frå originalen 7. november 2017, henta 4. desember 2017 
  7. Niels Juels gate 15 i Kulturminnesøk
  8. Lorentz U. Pedersen (2001). Fåvang kirke (2. utg.). Fåvang menighetsråd. s. 12-14. 
  9. Slidre kirke i Norges kirker
  10. Osloskolen Arkivert 2016-03-12 ved Wayback Machine., jf. Norsk kunstnerleksikon.
  11. Gjenreisingsarkitektmatrikkelen

Kjelder endre