Gulasj (ungarsk gulyás) er ei kjøttgryte med småskore oksekjøtt i sterkt krydra saus.[1] Gulasj har opphav ifrå Ungarn.

Ungarsk gulasj.
Gulasj i Sverige med nybakt brød og vin.
Foto: Jonas Nordström

Gulasj er nasjonalretten til Ungarn. I opphavslandet vert han servert som ei suppe. I Austerrike, Tsjekkia og Slovakia – tidlegare ein del av Austerrike-Ungarn – har ein sine eigne variantar, som stundom vert servert med knödel eller gnocchi. Sidan 9. sekel har ungararar laga gulasj,[2] som seinare kring 1800-talet spreidde seg til resten av Europa.

Ingrediensar

endre
 
Gulasj med svinekjøtt, bilete frå Szeged i Ungarn.

Det finst mange ulike oppskrifter på gulasj i Ungarn og resten av Sentraleuropa. Gulasj vert som regel laga med oksekjøtt eller flesk, men ein kan også nytta ein eller fleire andre kjøttsortar i same gryterett.

Paprikapulver, lauk og karve vert nytta som tradisjonell smakstilsetjing, men også svart peparkorn og laurbærblad, timian, oregano og persille. Potet vert ofte nytta i gulasj, men han kan òg lagast med csipetke eller spätzle ein type pasta som får koka med i suppa. Gulrøter, pastinakk, raud eller grøn paprika og selleri er grønsaker som oftast vert nytta i gulasj.

Liknande rett

endre

Pörkölt er ein liknande rett, men er ein litt tjukkare gryterett laga med kjøtt og same krydder, då utan karve.

Kjelder

endre
  1. «gulasj» i Nynorskordboka.
  2. «goulash» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 2. august 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Gulasj