Gummiboomen i Amazonas frå 1880-talet til omtrent byrjinga av første verdskrigen dreide seg om utvinning og kommersialisering av naturgummi. Sentrert i Amazonasbassenget resulterte boomen i ei stor utviding av europeisk kolonisering i området, tiltrekte innvandrararbeidarar, førte til kulturelle og sosiale transformasjonar og øydela urfolkssamfunn. Boomen blei ein viktig del av den økonomiske og sosiale historia til Brasil og Amazonas-regionane i nabolanda, byar som Iquitos, Manaus og Belém voks og utvikla velstand. Veksten av verksemda i regnskogen var driven av ein snøgg aukande etterspurnad etter gummi på verdsmarknaden.

Tapping av lateks frå eit gummitre

Perioden enda rundt 1914 då monopolet til Brasil var broten med at gummiplantar smugla til Asia byrja å produsere der til lågare prisar enn brasilianske gummiprisar.

Bakgrunn endre

 
Illustrasjon av grenseendringar i vestlege, lågare Amazonas, 1902-1907

Innsamling av lateks, mjølkesafta frå gummitreet (Hevea brasiliensis), var del av ein lang tradisjon blant urfolk i Sør- og Mellom-Amerika. Naturgummien vart verdsett på grunn av dei elastiske eigenskapane, og det var ulike bruksområde, til dømes til ballar i tradisjonelle ballspel.[1]

Frå år 1839 førte Charles Goodyear si oppdaging av vulkaniseringsprosessen til ei enorm vekst i etterspurnaden etter gummi til industrien i Europa og Nord-Amerika. Snart vart gummi eit viktig råstoff for mange industriprodukt. Gummi vart brukt til regnfrakkar og sko, seinare òg til sykkeldekk og til slutt til bildekk.[2] Gummi vart òg brukt i jernbane- og maskinteknikk og som isolator i elektroindustrien.

Geografi

I perioden under boomen var statsdanningane ferske, grensene porøse og sentralmaktene var ikkje synleg til stades i alle område av vestlege, lågare (nedre) Amazonas. Til dømes blei grenselinja mellom Peru og Colombia fastlagd i 1922 slik at byen Leticia blei overført frå Peru til Colombia, og grensa mellom Ecuador og Peru blei endeleg i 1998. Likeins blei Acre-territoriet i grenseområda innlemma i Brasil som delstaten Acre etter ein krig frå 1899 til 1903.[3] Følgjeleg er referansar til aktivitetar i statar i dette området under boomen upresise, det som faktisk hende i Bolivia i 1895 kan ha skjedd innanfor grensene av Brasil, referert i 1910. Gummieksport frå Sør-Amerika til Nord-Amerika og Europa skjedde frå brasilianske hamner.

Gummiproduksjonen endre

Gummien vart samla frå viltveksande gummitre i dei tropiske regnskogane i Amazonas. Som ein del av arbeidsprosessen vart borken ripa opp og den sakteflytande lateksen vart samla i bøtter. Lateksen vart handsama i lokale fabrikkar og deretter kjøpt opp av grossistar som sende gummien til Nord-Amerika og Europa.

Grossistane gav regionale forhandlarar forskott, og desse igjen gav gummisamlarane forskott i pengar og varer, som dei måtte betale tilbake med tilsvarande mengder gummi. Soleis vart dei skuldnarar.[3] Urfolk var òg utstyrte med våpen for å fange medlemmer av fiendtlege stammar som slavearbeidarar. Trældom og direkte våpenbruk var viktige verkemiddel for å halde oppe arbeidsinnsatsen.

I Amazonas var ein avhengig av at trea voks i det naturlege habitatet, freistnader på gummiplantasjar vart mislukka fordi den parasittiske sotsoppen Microcyclus ulei gjekk laus på gummitre dyrka i monokultur.

Peru: Tvangsarbeid i Putumayo endre

 
Eit bilete av slavar i lenker under gummiboomen på byrjinga av 1900-talet. Frå boka The Putumayo, the devil's paradise; travels in the Peruvian Amazon region and an account of the atrocities committed upon the Indians therein av Walter Hardenberg

Kommersiell utvinning av gummi i regnskogen i Peru byrja rundt 1832. Opphavleg var Moyobamba det viktigaste senteret for gummihandelen i Aust-Peru, fram til den raskt veksande byen Iquitos i peruansk Amazonas overtok denne rolla i 1870. Iquitos blei hovudstaden i den nydanna Loreto-regionen. For å utvikle arbeidsstyrken til verksemda, vart det vedtatt lovar og ordinansar som også sørgde for tvangsarbeid, til dømes i eit dekret frå underprefekten til Moyobamba av 12. september 1832, som mellom anna handsama mangel på klede, latskap, fælsleg elende og mangel på «sivilisasjon» blant indianarane. Gummihandlarar delte jungelregionen i Peru seg imellom og kontrollerte store område med dei væpna private hærane sine, der dei òg brukte væpna makt for å tvinge lokal folkesetnad til å samle naturgummi i skogane. Sannsynlegvis var den største «gummibaronen» i Peru Julio César Arana, som opna det første selskapet sitt i Yurimaguas i 1881 og grunnla det peruanske Amazon Company i 1889 med britisk hovudkontor. Han kontrollerte til slutt eit område på rundt 113 000 km² rundt Putumayo, der dei innfødde slavearbeidarane arbeidde omgjeve av væpna vaktarar. Over 30 000 menneske, for det meste folk frå boras og huitotos, omkom i dette området åleine mellom 1881 og 1915 frå sjukdom og overgrep. Ein annan viktig gummibaron i Peru var Carlos Fermín Fitzcarrald, som i 1888 vart sett på som den rikaste gummiprodusenten ved Ucayali. For gummibaronen Fitzcarrald var det væpna asháninkafolk, den gong kjent som campa, og Piros som fanga «ville» mashcos (amarakaeri, toyoeri) og gjorde dei til tvangsarbeidarar. Av totalt 28 000 arbeidarar frå urfolkssamfunn i det peruanske Amazonas i 1913, var 22 000 tilsette som gummitapparar.

Brasil: Velstand til Manaus og Belém endre

 
Amazonas-teateret i Manaus
Foto: Karine Hermes
 
Amazonas-teateret i Manaus med omgjevnadene
Foto: Daniel Corttez

I Brasil var byen Manaus ved Amazonas det viktigaste senteret for produksjon og handel med gummi. Rundt 1890 vart den vesle landsbyen Manaus ein verdskjend og rik by med breie gater, ein elektrisk trikk og elektriske gatelys.

Gummiboomen vart forma av den ekstravagante livsstilen til gummibaronane. Biletet av å tenne ein sigar med pengesetlar vart kjent. Ein annan baron fekk bygge eit palass for hestane sine som var så imponerande at han flytta inn sjølv. Opptil fem prosent utlendingar budde i Manaus under blomstringa.

Høgdepunktet med ekstravagansen var bygginga av Teatro Amazonas i Manaus, som eit stort operahus midt i Amazonas bygd i stor grad av importerte byggemateriale, inkludert italiensk marmor. Denne konstruksjonen kosta omtrent to millionar dollar, ein enorm sum på den tida.

Bolivia: Inntekter til staten endre

Geologiske og klimatiske tilhøve gjorde at elvene var meir krevjande å nytte til gummitransport i boliviansk område enn andre stader i Amazonasbassenget. Lokalfolkesetnaden blei dermed i stand til å kontrollere og å meistre transportsambanda for gummiindustrien i tillegg til å skaffe ein passande arbeidsstyrke. Det blei lokale gummibaronar som kontrollerte gummiindustrien og etter ei tid fekk eit selskap, Suárez Hermanos, monopol på det meste av økonomien i området, inkludert matforsyning til dei involverte. Jamvel om rikdomen blei konsentrert på få hender, blei det aldri sett i gang spektakulære bygg og trikkesystem slik som i Manaus og Belém.[3]

Også i Bolivia fekk gummiboomen ein djup innverknad på urfolkssamfunn i låglandet. Fælslege arbeidsforhold og kulturpåverking øydela mange etniske grupper. Arbeidarane vart nøye overvakta av væpna vakter, og i nokre ekstreme tilfelle vart brutalitetane slik som dei i Putumayo. Det var likevel ein maktbalanse mellom dei som dreiv industrien og urfolk, fordi gummiindustrien var avhengig av kunnskapen til urfolk til mellom anna navigasjon på elvene, lokal dyrking av matvarer og jakt og fiske.[3]

Tradisjonelt var staten sine inntekter frå utvinning av sølv, kopar, tinn og vismut monalege, men inntekt frå gummiindustrien kom til å overgå metallinntektene i ein periode, trass i at det var uttalt at staten stod svakt i boliviansk Amazonas. I 1890 gav gummiindustrien tilsvarande 3,2 % av samla metallinntekt det året. I 1901 var gummiinntektene auka til 145 % av metallinntekta.[4]

Slutten på gummiboomen endre

Gummiboomen enda tjue år etter at den britiske utforskaren Henry Wickham i 1876 starta med å samle frø frå gummitreet. Henry Wickham klarte å samle over 70 000 frø, av dei voks over 2000 små tre opp i drivhus i London og vart først sendt til britiske Malaya. Berre 8 gummiplantar overlevde og spira etter den lange transporten, som den dagen i dag dannar grunnlaget for alle gummiplantasjane i Søraust-Asia. Byrjinga i 1910 fall gummiprisen, noko som årsaka panikk blant gummibaronane. Med dette braut Asia opp Brasil sitt monopol som hadde eksistert fram til dette tidspunktet, og dermed avslutta gummiboomen i Amazonas.

Andre verdskrigen

Under andre verdskrigen vart tilgangen på gummi frå Asia til USA avskoren og USA gjekk inn i eit samarbeid med Brasil for å skaffe størst moglege mengder gummi frå Amazonas for å forsyne USA og dei allierte. Styresmaktene i Brasil planla å rekruttere grovt rekna 100 000 menneske til tenesta som «gummisoldatar» i Amazonas. Jamvel om meir enn 13 000 tonn gummi vart eksportert frå Brasil, vart tiltaket karakterisert som ein fiasko,[5] ca. 30 000 menneske mista livet i Brasil, mange av dei som følgje av sjukdommar.[6]

I dag er syntetiske materiale tilgjengelege for dei fleste føremål som naturgummi opphavleg vart brukt til. Likevel er sideveggane til bildekk og flydekk spesielt laga av naturgummi, då enorme krefter verkar der, som syntetisk gummi ikkje gir tilstrekkeleg motstand. Slitebanen, derimot, er sliteflater og er vulkanisert på av syntetisk gummi av vanlege produsentar.

Kjelder endre

Kjelder som var gjeve:
  • Luisa Abad González: Etnocidio y resistencia en la Amazonía peruana. Ediciones de la Universidad de Castilla-La Mancha, Cuenca (España) 2003.
  • Andrew Gray: Peru: Freedom and Territory. Slavery in the Peruvian Amazon. In: Anti-Slavery International & IWGIA 1997 (Hrsg.): Enslaved Peoples in the 1990s: Indigenous Peoples, Debt Bondage and Human Rights. London 1997. Chapter Eight. S. 183–215.
  • Michael Michael Fobes Brown, Eduardo Fernández: War of shadows: the struggle for utopia in the Peruvian Amazon. University of California Press, Berkeley and Los Angeles (California) 1991.
  • S. Varese 1973: La Sal de los Cerros. Una Aproximación al Mundo Campa. Ediciones Retablo de Papel, Lima. s. 247.
  • Andrew Gray: Enslaved Peoples in the 1990s. Indigenous Peoples, Debt Bondage and Human Rights. s. 189.
  • F. Feldmann, J.P. Silva Jr., A.V.R. Jayaratne: Nutzung der arbuskulären Mykorrhiza in Baumschulen der Tropen am Beispiel des Kautschukbaumes Hevea spp. Mitteilungen der Biologischen Bundesanstalt 363, s. 83–92. (Volltext (Memento vom 31. August 2007 im Internet Archive))
  • Decreto proclamado por el Subprefecto Rengifo en Moyobamba el 12 de septiembre de 1832, Artículo 17. In: Luisa Abad González: Etnocidio y resistencia en la Amazonía peruana, S. 174.
  • Luisa Abad González: Etnocidio y resistencia en la Amazonía peruana, S. 173.
Referansar
  1. Strand, 1936, side = 11-13
  2. Zephyr Frank, Stanford University and Aldo Musacchio, Ibmec SãoPaulo The International Natural Rubber Market, 1870-1930 Henta 21. februar 2021
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Frederic Vallvé (2010). «The impact of the rubber boom on the indigenous peoples of the Bolivian lowlands (1850-1920)». Georgetown University. Henta 21. februar 2021. 
  4. Vallvé, 2010, s 444
  5. James A. Brooke (15. mai 1991). «Manaus Journal; For the Rubber Soldiers of Brazil, Rubber Checks». New Your Times. Henta 21. februar 2021. 
  6. Joar Hoel Larsen (24. mai 2014). «Brasils «gummisoldater» får lønn - 70 år etter». Georgetown University. Henta 21. februar 2021.