Gunn er eit kvinnenamn, av norrønt Gunnr, 'strid'. Det kan også vera eit engelsk etternamn. Gunn har i Noreg namnedag den 9. januar. Skrivemåten Gun har namnedag i Sverige den 1. juni.

Skodespelaren Gunn Wållgren som Jeanne d'Arc.

I norrøn tid var Gunnr namnet på ei valkyrje.

Ein finn Gunn som del av mange andre namn, som Gunvor, Gunnveig, Gunhilde, Hildegunn og Solgunn.

Bruken av namnet i Noreg

endre

Namnet Gunn var lite bruka før andre verdskrigen, men populariteten fekk eit veldig oppsving på 1940- og -50-talet og nådde eit høgdepunkt litt før 1960.

  • I folketeljinga frå 1801 var det 7 som hadde namnet, i forma Gun , Gund eller Gunn. Dei fleste budde i Hedmark og Buskerud.
  • I 1900 var 29 listeførte med namnet Gun, Gund, Gundd, Gundh, Gunh eller Gunn.
  • I 2008 har 9 321 meninnern Gunn til første fornamn

Kjende namneberarar

endre
 
Gunn Margit Andreassen under OL i Torino 2006

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre