Gustav Baumann
Gustav Theodor Baumann (10. februar 1852–29. februar 1908) var ein norsk sakførar, embetsmann og stortingsmann frå Fåberg i Oppland. Han var medlem av Venstre.
Gustav Baumann | |||
Fødd | 10. februar 1852 Fåberg kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 29. februar 1908 (56 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | jurist, politikar | ||
Alle verv |
|
Baumann var son til ein distriktslege. Sjølv vart han student i 1869 og cand. jur. i 1872. Etter nokre år som fullmektig på sorenskrivarkontor etablerte han i 1877 seg som overrettssakførar på Lillehammer. Frå 1888 til 1901 var han statsadvokat i Nordland og Senja, sidan var han lagmann i Hålogaland.
Baumann var ordførar i Bodin 1899-1901. Perioden 1900-03 var han Nordlands amt sin 4. representant på Stortinget. Han var medlem av Lagtinget og justiskomiteen.
Han døydde i Hammerfest skotårsdagen 1908.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Gustav Baumann NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv