Opna hovudmenyen

Gutorm Gjessing (14. april 190627. april 1979) var professor dr. philos i etnografi og styrar for Etnografisk museum frå 1947 til 1973 ved Universitetet i Oslo.

Gutorm Gjessing
Gutorm Gjessing - L0017 287Fo30141604260002.jpg
Fødd 14. april 1906
Død

27. april 1979

Yrke antropolog, arkeolog, professor, skribent
Gutorm Gjessing på Commons
Gutorm Gjessing

Oppvekst og studiarEndra

Gjessing var fødd på StrandaSunnmøre, men tok artium ved Oslo katedralskole i 1924, og sette i gang med magistergradsstudium i arkeologi. Han fekk magistergraden i 1931, og doktorgrad i 1934: "Studier i norsk merovingertid".

Arbeid som konservatorEndra

Han var tilsett som konservator i arkeologi ved Tromsø museum i 1936 - 1940. Gjessing utgav saman med kona si, Gjertrud Gjessing, i 1940 arbeid om den samiske folkedrakta. Han skreiv òg om norsk fangstkultur, om helleristningar i Nord-Noreg og Trøndelag, og om spennande utgravingar på Træna m.m.

Frå 1940 til 1946 jobba han som konservator i arkeologi ved Oldsaksamlinga til Universitetet i Oslo. Før krigen var over, hadde han gidd ut ei populærvitskapleg oversikt, "Norges steinalder", på ca 500 sider. Han var i USA på Rockefeller-stipendiat 1946 - 1947, forskinga der ville i USA blitt kalla kulturantropologi.

Politisk engasjementEndra

Her blei ein politisk bevisstgjeringsprosess sett i gang, og han er sitert på «Jeg tok til å tvile alvorlig på bærekrafta av våre vestlige, kapitalist-demokratiske system» - og: «Det er blitt klarere og klarere for meg at etnografien (antropologien) ikke kan stå likegyldig overfor utviklinga i dei »rike landa«, med framvoksteren av mangenasjonale gigantkonsern og den intense offensiven disse konserna og i det heile storindustrien og finanskapitalen har sett inn for å bevare og å styrke de økonomiske og dermed Vestens politiske privilegier i de såkalte »U-landa« som jo alltid har vært vårt viktigste arbeidsfelt. Fortsetter faget å se bort fra disse fenomena, er det ikke i pakt med virkeligheta.»

Han var engasjert i problemfeltet same/nordmann og samespørsmål generelt, heilt frå Tromsø-tida og til sin død. I 1951 fekk han overført Etnografisk museum si samesamling til Norsk folkemuseum ut fra resonnementet at samane skulle vere likeverdig representerte i vårt sentrale nasjonalmuseum. Han var medlem av samekomiteen av 1956.

Gjessing har alltid vore politisk bevisst, og gjekk i ei stadig meir radikal retning. F.eks. var han med på å starte Sosialistisk Folkeparti saman med Finn Gustavsen, Knut Løfsnes, og fleire. Han var i ein periode formann i antikrigsorganisasjonen Folkereisning Mot Krig.

I 1950 var han leiar av den første norske kulturdelegasjon til Kina, og i 1966 var han med i delegasjon til Israel (kfr. biografiliste)

Nokre prisar han har mottekeEndra

Delvis bibliografiEndra

  • «Mennesket er ett - kulturforskning og kulturkrise» - 1948
  • «Individ og samfunn hos naturfolk» - Etnologisk Samfunns Skrifter - 1948
  • «Krigen og kulturene» - 1950
  • «Mennesket og kulturene» i 2 bind - 1952
  • «Changing lapps», nr. 13 i London School of Economics skriftsserie "Monographs in sosial anthropology", samling forelesningar haldne der - 1952
  • «Sosio-culture» - 1956
  • "De hundre år - Universitetets etnografiske museums historie 1857 - 1957 - Studies honouring the centennial of Universitetets etnografiske museum vol.V (saman med Marie Krekling Johannessen) - 1957
  • «Samfunn og kultur» - 1963
  • «Sosialisme og fred» - 1965
  • «Kibbutz, Ikke-kommunistisk kommunisme» - 1967
  • «Complementarity, value, and socio-cultural field» - 1968
  • «Norge i Sameland» - 1973
  • «Ideer omkring forhistoriske samfunn» - utg. av Oldsaksamlingen 1977
  • «Kultur og samfunn er ett» - 1977

KjeldeEndra