Hái!
Studioalbum av The Creatures
Utgjeve 20. oktober 2003
Innspelt 2002–2003
Studio Gok Sound (Tokyo), Maison Néko (Frankrike)
Sjanger
Lengd 51:20
Selskap
  • Sioux Records
  • Instinct Records
Produsent The Creatures
The Creatures-kronologi 
U.S. Retrace
(2000)
Hái!
Siouxsie Sioux-kronologi
Anima Animus
The Creatures
(1999)
Hái! Mantaray
Siouxsie
(2007)
Singlar frå Hai!
  1. «Godzilla!»
    Utgjeve: 13. oktober 2003

Hái! er det fjerde og siste studioalbumet gjeve ut i 2003 av den britiske duoen The Creatures, som bestod av Siouxsie Sioux og Budgie. Albumet vart spelt inn i to delar: trommene vart spelt inn av Budgie og Kodo-trommeslagaren Leonard Eto i Tokyo i august 2002 og resten vart spelt inn i Europa. Under opphaldet sitt i Japan var bandet vorte inspirert og «rørt av dei delikate snøfallbileta i Akira Kurosawa-filmen Ikiru (1952), og absorberte livskrafta i Roppongi-området i Tokyo og vart andeleggjort av dei gamle shinto-heilagdomane og rolege breiddene ved Ashisjøen[1]

Hái! vart rosa av kritikarane for den «engelsk-japansk venleiken» då det kom ut i 2003.[2]

Historie endre

I april 2002 turnerte Budgie i USA med The Banshees, og medan han var i Chicago møtte han den japanske produsenten Hoppy Kamiyama, som var kjend for arbeidet sitt med Leonard Eto, som tidlegare var i Kodo Drummers. Budgie og Siouxsie hadde lenge ønskt å samarbeide med Eto, men aldri kontakta han. Etter å ha veksla nokre epostar med Eto, hyrte The Creatures eit studio i Tokyo og inviterte han med seg den 19. august 2002. Dei møtte opp i studio på same måten som dei hadde gjort på Feast: «Møt opp og sjå kva som skjer!».[3] «The Creatures er primale: det er magekjensla, dei djupaste instinkta våre som kjem ut» sa Budgie.[4] Under innspelinga tok Siouxsie notat og samla idear for songane.[4] I dagane etter innspelinga vitja duoen Roppongi-området, Shinto-heilagdomane og Ashisjøen, og filma. Nokre av desse klippa kom seinare med på ein DVD på ei avgrensa utgåve av Hái!.

Resultata av innspelinga i Tokyo med Budgie og Eto på trommer og perkusjon, vart grunnlaget for Hái!. I Frankrike redigerte dei så ned 11 spor frå dei opphavlege 90 minutta med opptak. Siouxsie og Budgie utvikla så songane over ein periode på fleire månader. På denne tida hadde Budgie lært seg lydteknikk og spelte inn albumet. Siouxsie såg på Hái! som ei vinylplate, med ei A- og ei B-side. På den måtten fekk plata ei «ekstrovert side og ei introvert og rolegare side».[5] I august 2003 annonserte dei utgjevinga av Hái! i oktober same året, og singelen «Godzilla!» kom ut før albumet.

Utgjeving og alternative versjonar endre

Singelen «Godzilla!» kom ut ei veke før Hái!, med ei B-side som ikkje er på albumet, «Attack of the Supervixens», inspirert av Russ Meyer-filmen Supervixens.

Albumet kom ut på både dobbel-LP og CD. I starten vart det òg gjeve ut to lengre CD-utgåver. Den eine kom med ein bonus-DVD med videoklipp filma av Budgie og Siouxsie i Japan, i tillegg til videoen til «2nd Floor», og den andre var ein bonus CD med ein instrumentalversjon av albumet. Ei tredje utgåve kalla Hái! (Nama), inneheld den uredigerte trommeinnspelinga i Tokyo, og kom ut i juli 2004 på heimesida til bandet. Hái! (Náma) bestod av 11 instrumentalar, med Hoppy Kamiyama på «tape (Kaoss Pad)».

Standardutgåva av Hái! kom òg ut på ny i 2004 med to bonusspor: «The Temple of Dawn» og «Attack of the Supervixens».

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
The Independentsærs positiv[6]
Mojo     [7]
Time Outsærs positiv[8]

Hái! fekk god kritikk. Mojo gav albumet fire av fem stjerner: «Hái! har fleire augneblink med sjasmin-duftande intimitet, der Sioux sine uforlikelege Banshee-bjeff dansar forsiktig til dei intrikate marimba-manipulasjonane til Budgie. Ein robust retur».[7] Time Out rekna albumet som ein «kriblande bragd». Peter Watts skildra det som «hypnotisk» og sa: «røysta til Siouxsie er det dominerande instrumentet her, og krøller seg rundt dei spretne trommene, elegisk og umenneskeleg medan ho syng, purrar, og kviskrar seg rundt på albumet». Watts roste òg songen «Tourniquet» som spent, sensuell og trollbindande.[8]The Independent skreiv at Hái! var «eit album med tett atmosfære, frenetiske rytmar og, sjølvsagt, dei dyriske ropa til Siouxsie.» Fiona Sturges rekna albumet som «nyskapande, rått og energisk».[6] NME likte albumet på grunn av «dei merkelege, dyktige greiene»,[9] og Uncut hylla det for den «skremmande tromminga».[9] Simon Price skreiv: «Det er like tett som føregangarane, bygd frå lag på lag av xylofonar, bjøller og stålrøyr frå Budgie og taiko-trommisen Leonard Eto.».

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Siouxsie og Budgie.

Nr.TittelLengd
1.«Say Yes!»4:05
2.«Around the World»3:39
3.«Seven Tears»7:00
4.«Godzilla!»4:00
5.«Imagoró»4:04
6.«Tourniquet»9:19
7.«Further Nearer»5:55
8.«City Island»6:06
9.«Tantara!»6:14

Medverkande endre

  • Siouxsie - tekst, vokalmelodiar, arrangement
  • Budgie - trommer, perkusjon, marimba, piano, lutt (Yueh Ch'in), synthesizer

Andre medverkande endre

  • Leonard Eto - taiko
  • Hoppy Kamiyama - «kaoslydband» på «Imagoró» og «City Island»

Produksjon endre

  • «Sponatan tromme-duett-improvisasjonar» spelt inn av Yoshiaki Kondoh
  • Trommer framført, redigert og miksa av Budgie

Kjelder endre

  1. «Hai! - press release». Sioux records. 2003
  2. Price, Simon. «Music CD-ar - Anglo-Japanese Beauty The Creatures Hái!». The Independent on Sunday. 26. oktober 2003.
  3. «Hái! - liner notes». Sioux Records. 2003
  4. 4,0 4,1 «Hái! - You saw it here first». thecreatures.com. 18. august 2003. Arkivert frå originalen 21. desember 2004. Henta 29. august 2020. 
  5. Lorentz, Christophe (October 2003). «The Creatures - interview». Premonition. Arkivert frå originalen 12. oktober 2004. Henta 2. september 2017. 
  6. 6,0 6,1 Sturges, Fiona. « Return of the Creature». The Independent. 24. oktober 2003
  7. 7,0 7,1 Paytress, Mark. Hái! review. Mojo. November 2003.
  8. 8,0 8,1 Watts, Peter. Hái! - review. Time Out. 22. oktober 2003.
  9. 9,0 9,1 «Hai! Reissue- press review». CD Sioux 16 cd. Sioux records 2004