Håøya i Porsgrunn

Håøya er ei øy mellom Mørjefjorden og Langangsfjorden heilt søraust i Porsgrunn kommune i Telemark.

Håøya
Geografi
Stad Mørjefjorden og Langangsfjorden
Koordinatar 59°01′19″N 09°49′24″E / 59.02194°N 9.82333°E / 59.02194; 9.82333

Høgaste punkt Storefjell (141 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Telemark

Øya er bratt og frodig med fleire flotte badeplassar. Her finst edellauvskog, strandenger og gamle blomsterenger. Store delar av øya er verna som naturreservat. I nord har øya samband til fastland via gangbru.

«Grenlandsskjergarden»

Dei første menneska busette seg på Håøya for mange tusen år sidan, under steinalderen, og det er funne mengder av flintreiskapar og skår etter leirkar frå denne perioden.

Øya grensar som nemnt mot Mørjefjorden i aust og etter Snorre si soge kan det sjå ut som at det var her Olav den heilage i det store sjøslaget ved Nesjar sigra over Svein Jarl palmesøndag i 1016

Frå nyare tid finst det restar etter ishus frå tida med iseksport. Opp gjennom tida har det vore mange fastbuande på øya, og i perioden 1902-1947 hadde øya eigen skule.

Kjelder endre