Høre stavkyrkje
Høre stavkyrkje (Hurum stavkyrkje) er ei stavkyrkje frå 1179 i Ryfoss i Vang kommune i Innlandet.
Høre stavkyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Vang | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Valdres | ||
Sokn | Høre | ||
Fellesråd | Vang | ||
Type | langkyrkje | ||
Teknikk | stavverk | ||
Material | tre | ||
Høre stavkyrkje 61°09′11″N 8°48′17″E / 61.15315°N 8.80481°E | |||
Wikimedia Commons: Høre stave church |
Historie
endreKyrkja vart bygd med tre hogd i 1179 i fylgje ei runeinnskrift i kyrkja. Årringdateringa viser til 1179 så dette verkar som det er rett.[1] Dette skal vere den stavkyrkja med sikrast datering.[2] Seinare er kyrkja ombygd i 1822-23, då ho vart utvida.[1]
Dette er den andre kyrkja på same staden. Den fyrste kyrkja her var ei lita stolpekyrkje med jordfaste stolpar.
Under kyrkja er det graver, også for born. Nokre av gravene er brukt for å datere den fyrste kyrkja på staden.
På staven inne i preikestolen er det ei runeinnskrift:
- «Þá, um þat sumar [létu] þeir brœðr Erlingr ok Auðun hôggva till kirkju þessar, er Erlingr ja[rl fe]ll í Niðarósi», — Den sommaren då brørne Elling og Audun lét hogge (tre) til denne kyrkja, fall Erling Jarl i Nidaros. Erling Skakke fall i Nidaros i 1179.
Det finst fleire runeinnskrifter rundt i kyrkja, og gamle gjenstandar med slike.
Også i Hegge stavkyrkje er det ei innskrift som er litt overraskande, og som lyder «Erling Arnson skreiv desse runene». Ein skal vere forsiktig med å tolke, men det kan vere same Erling.
Det er ikkje usannsynleg at hertug Skule vart gift i denne kyrkja på 1200-talet. Andre kjelder seier at mor og far til Hertug Skule gifte seg i Høre stavkyrkje på 1200-talet.
Kyrkjebygningen
endreDen opphavlege takryttaren i kyrkja er no portal inn til kyrkjegarden.
Kjelder
endre- Norges Kirker: «Høre kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning[daud lenkje]
- Faktaark om Høre stavkyrkje på nettstaden til Riksantikvaren
- «Høre stavkirke» på nettstaden stavkirke.org Arkivert 2005-02-12 ved Wayback Machine.
- «Høre stolpekirke» på nettstaden stavkirke.org Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Kulturminnesøk, «Høre stavkyrkje», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 7. august 2019
- ↑ Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Høre sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Oppland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-02-26 ved Wayback Machine.
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Høre stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Høre stavkyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.