Haakon Lie (1884-1970)

norsk forstmann og forfattar
(Omdirigert frå Haakon Lie (1884-1979))
Sjå òg politikaren Haakon Lie

Haakon Lie (29. februar 188418. januar 1970) var ein norsk forstmann og forfattar.

Haakon Lie
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. februar 1884
Fyresdal
Død

18. januar 1970 (85 år)
Lillehammer kommune

Yrke Forstmann
Far John Lie
Debut Ekorngutten (1928)

Hugs når du går i skogane inn:
Bryt ikkje gjerde, men lat att grind
- - -
Ferdast i skogen med vake sinn
Freden og venleiken der er din!

Etter Haakon Lie

Haakon Lie var fødd i Fyresdal som son av bonde, lærar og forfattar John Lie (1846-1916), og tok skogutdanning i Steinkjer i 1904 og ved Norges landbrukshøgskole til 1907. Han arbeidde som «amtsskogmester» i Romsdal 1908, som skogforvaltar og lærar ved Storhove landbruksskole 1910–1918, som skogforvaltar i Innherad og styrar for Statens skogskole i Steinkjer 1918–1923. Den lengste yrkesaktive tida hadde han som skogforvaltar i Sør-Gudbrandsdal 1923–1947, med base på Lillehammer, der han budde frå 1923 og ut livet.

Som lærar hadde Lie eit forstfagleg forfattarskap, med titlar som Skogbrukets driftslære og Skogens fugler og insekter, lærebok for skogskolene. Begge kom i fleire utgåver. Han skreiv òg nasjonaløkonomiske pamflettar om skogsaka, og om naturvern: Skogens nationaløkonomiske betydning (1916), Fjeldskogen (1925) og Ormtjernkampen villmark (1961). Han vann Melsom-prisen i 1950.

Den første barneboka han skreiv var Ekorngutten (1928), og han skreiv etterkvart åtte barnebøker. Han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementets premiering for tre av bøkene: Villmark og villdyr (1949), Vegen til eventyret (1960) og I villdyrskog (1961). Lies spesialsjanger var dyrefiksjonar med vekt på presisjon i det naturfaglege, og med ein forsiktig personifisering av hovudkarakterane.

Den øvrige forfattarskapen hans omfattar romanar, dikt og høvesdikting. Lie veksla heile livet mellom bokmål og nynorsk, og utgav ofte paralellutgåver. Lie var den første som lanserte ideen om Birkebeinerrennet som eit historiemotivert skirenn. Dette gjorde han i ein avisartikkel i 1930.

Eit album der Haakon Lie sine dikt er tonesette, kom ut i 2005. Albumet het "Fivrelddans-Haakon Lie i ord og tonar" og bandet bak var Sugar Plum Fairies frå Fyresdal. Albumet resulterte i mykje radiospeling på NRK Telemark og Kulturprisen i Fyresdal i 2006.

Kjelder: endre

Denne artikkelen byggjer på ei omsetjing av tisvarande artikkel på bokmålswikipeda, som oppgjev desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff endre