Sjå òg punkbandet Haggis.

Haggis ['hægıs] er ein skotsk matrett som er laga av innmat av får blanda med løk, havregryn og krydder og kokt i ein dyremage.

Haggis
«Haggis with neeps and tatties», ein tallerken haggis med kålrabi- og potetstappe.
Foto: «Mo»
Ukokt haggis
Foto: Kaihsu Tai

Haggis blir vanlegvis servert med «neeps and tatties» (kålrabi- og potetstappe). Elles kan haggis i lag med blant anna blodpølse, steikt egg og flesk inngå i den solide skotske frukosten, ofte marknadsført som highland breakfast.

Ein kan i dag kjøpa haggis på butikkar i Skottland og fleire andre delar av Storbritannia året rundt. Slik haggis blir gjerne laga i ulike plasthaldarar i staden for med ekte magesekkar, på same måte som masseproduserte pølser no sjeldan blir laga med tarmar. Haggisen kan også seljast som hermetikk. Ein finn i dag også haggis laga av griseinnmat heller enn får, og vegetarisk haggis, der kjøtet er erstatta med grønsaker eller belgfrukter.

TradisjonarEndra

Fair fa' your honest, sonsie face,
Great chieftain o' the puddin-race!

Robert Burns
«Address to a haggis»

Den skotske nasjonaldiktaren Robert Burns skreiv eit hyllingsdikt, «Address to a Haggis», som tilhengjarar gjerne les i samband med Burns-dagen 25. januar, der dei også gjerne et haggis.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra