Halt im Gedächtnis Jesum Christ

Halt im Gedächtnis Jesum Christ, BWV 67, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Halt im Gedächtnis Jesum Christ
BWV 67
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføring16. april 1724
Publiseringsdato1868
Typisk lengd14:46
Satsar/akter7
ToneartA-dur

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag etter påske.

Teksten er henta frå Paulus’ andre brev til Timoteus 2: 8 (første sats), Nikolaus Herman (fjerde sats), Evangeliet etter Johannes 20: 19 (sjette sats), Jakob Ebert (sjuande sats) og opphavet til resten ukjend, men Wustmann & Neumann foreslår Christian Weiss den eldre, medan andre foreslår Salomo Franck. ; John 20: 19 (Mvt. 6)

Koraltemaet er basert på salmane «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ» etter Jakob Ebert (1601) og «Erschienen ist der herrlich Tag» etter Nicolaus Herman (1560).

Instrumentering og struktur

endre

Stykket er instrumentert for valthorn da tirassi, tverrfløyte, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj, orgel continuo , samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 7 satsar:

  1. «Halt im Gedächtnis Jesum Christ», Koral
  2. «Mein Jesus ist erstanden», Arie for tenor
  3. «Mein Jesu, heißest du des Todes Gift», Resitativ for alt
  4. «Erschienen ist der herrlich Tag», Koral
  5. «Doch scheinet fast», Resitativ for alt
  6. «Friede sei mit euch», Arie for bass
  7. «Du Friedefürst, Herr Jesu Christ», Koral

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre