Kolbrandstad stavkyrkje
Kolbrandstad stavkyrkje står på Kolbrandstad i Hølonda i Melhus kommune i Trøndelag fylke, og er ei stavkyrkje frå 2000. Kyrkja er bygd som ein kopi av Haltdalen stavkyrkje som står på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Ho vart bygd på dugnad og er eigd av Kolbrandstad stavkyrkjelag.
Kolbrandstad stavkyrkje | |||
Kolbrandstad stavkirke | |||
Kolbrandstad stavkyrkje
Foto: Ezzex | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Gauldal | ||
Sokn | Hølonda | ||
Fellesråd | Melhus | ||
Type | Langkyrkje | ||
Teknikk | Stavverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 9. januar 2000 | ||
Stopul | Ved kyrkja | ||
Kyrkjegard | Freda mellomalderkyrkjegard ved kyrkja | ||
Diverse | Eigd av Kolbrandstad stavkyrkjelag | ||
![]() Kolbrandstad stavkyrkje 63°09′17″N 10°00′35″E / 63.15472222°N 10.00972222°E | |||
Wikimedia Commons: Kolbrandstad stavkirke |
Haltdalstavkyrkja stod opphavleg i Haltdalen i Holtålen kommune, og er frå siste halvdel av 1100-talet.[1] Kolbrandstad stavkyrkje står på den gamle kyrkjestaden på Kolbrandstad, der det var kyrkje frå mellomalderen fram til midten av 1600-talet.[2] Ved kyrkja er det ein freda kyrkjegard frå mellomalderen.
Bygget er vigsla til bruk for Den norske kyrkja og det vert halde to gudstenester i henne årleg. Det plar verte halde påskemesse i kyrkja kvar påskeafta og i august vert det halde ottesong i samband med starten på pilegrimsvandringa til Skaun kyrkje.[3] Det vert også halde gjennomsnittleg to bryllaup i henne i året.[3] I tillegg arrangerer Den katolske kyrkja i Noreg vesper i kyrkja fyrste sundagen i september.[3]
Referansar
endre- ↑ «Jørgen Jensenius: «Haltdalen stavkirke» på nettstaden stavkirke.org». Henta 10. juni 2009.
- ↑ ««Kirkebøker, Sør-Trøndelag» på nettstaden til Arkivverket». Henta 10. juni 2009.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 ««Kolbrandstad stavkyrkje er godt besøkt» på side 8 i Helg i bygda nr. 3 2006» (PDF).