Hans Johansen

norsk politikar

Hans Johansen (16. februar 18862. april 1983) var ein norsk arbeidar og politikar, aktiv for Arbeidarpartiet og ein periode i Norges Kommunistiske Parti. Stortingsmann 1922-24.

Hans Johansen

Fødd16. februar 1886
Drammen kommune
Død2. april 1983 (97 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, lokomotivpusser
Alle verv

Etter folkeskulen arbeidde Johansen på fabrikk. Frå 1901 var han tilsett ved jarnbaneverkstaden i Drammen, arbeidde med jarnbane i 41 år. År 1915 til 1920 tok han eksamen ved fleire tekniske skular, gjekk etter kvart inn i stillingar som lokomotivpussar, teiknar, konstruktør og sekretær.

Johansen var aktiv i ungdomsrørsla til Arbeidarpartiet, ei tid medlem i landsstyret i ungdomsforbundet. I 1908 vart han fengsla for antimilitær agitasjon. Johansen var også aktiv i fagforeining. Frå 1911 til 1936 var han styremedlem i NSB som funksjonærane sin representant. Han sat også i hovudstyret til Arbeideravholdslagene.

Frå 1922 til 1924 var Johansen stortingsmann, vald frå bykrinsen Hønefoss, Drammen, Kongsberg. Då Det norske arbeidarparti vart kløyvt i 1923 fylgde store delar av partiet i Buskerud Komintern-linja. Johansen vart såleis medlem i det nye Norges Kommunistiske Parti. Seinare braut han med NKP og melde seg inn Arbeidarpartiet. Johansen var elles medlem i Drammen bystyre periodane 1922-25 og 1931-37.

I Drammen og Buskerud var Johansen kjent både som politikar, radiokåsør og forfattar. Han skreiv eller redigerte i alt elleve bøker.

Kjelder endre