Hans Olav Syversen
norsk politikar
Hans Olav Syversen (fødd 25. november 1966 i Skjervøy, Troms) er ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2005, og satt i tre periodar. Han var vararepresentant i perioden 1989–1993.
Hans Olav Syversen | |
![]() Hans Olav Syversen, 2008 Foto: Kjetil Ree | |
Fødd | 25. november 1966 (56 år) Skjervøy |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar, jurist |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo |
Syversen er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo 2000.
RegjeringEndra
- 21. oktober 1997–15. mars 1999 Politisk rådgjevar Justis- og politidepartementet[1][2]
- 6. oktober 2003–30. september 2005 Statssekretær Barne- og familiedepartementet[2][3]
StortingskomitearEndra
- 2009–: medlem i kontroll- og konstitusjonskomiteen
- 2009–: medlem i valkomiteen
- 2005–: medlem i finanskomiteen
- 2005–09: varamedlem i valkomiteen
KjelderEndra
- ↑ «Kjell Magne Bondeviks første regjering». Regjeringa.no. Henta 11. oktober 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Hans Olav Syversen». Stortinget.no.
- ↑ «Kjell Magne Bondeviks andre regjering 2001-2005». Regjeringa.no. Henta 11. oktober 2017.