Hans Prydz

norsk politikar

Hans Prydz (4. mars 186819. august 1957) var ein norsk lege og politikar frå Bærum i Akershus. Perioden 1910-12 representerte han Høgre-partiet på Stortinget.

Hans Prydz
Fødd4. mars 1868
Død19. august 1957 (89 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkelege, politikar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1910–1912)
  • vararepresentant til Stortinget (1922–1924)
  • vararepresentant til Stortinget (1925–1927)
  • vararepresentant til Stortinget (1928–1930) Sjå dette på Wikidata

Far hans var offiser og eigar av storgarden Grini i Bærum. Hans Prydz voks opp på Grini, før det vart skulegang og medisin-studiar. Etter han var ferdig utdanna cand.med. i 1893, var han kommunelege i Herøy nokre månader. Frå 1894 dreiv han eigen praksis i Brandbu i Oppland. Åra frå 1901 til 1918 hadde Prydz stilling som kommunelege i Nittedal, sidan distriktslege. Og i 1935-36 fungerande fylkeslege i Akershus.

Hausten 1909 vart Prydz vald til å representerer einmannskrinsen Mellem Romerike på Stortinget. Etter valordninga med einmannskrinsar var avvikla, var Prydz vararepresentant frå Akershus fylke til stortinga 1922–24 og 1925–27. Han møtte på Tinget frå mars 1923, frå juli 1924 og 1926, i staden for Anders Venger som var statsråd. Prydz var ordførar i Nittedal frå 1913 til 1922 og på ny 1928 til 1934. 1928-34 var han attåt fylkesordførar.

Kjelder

endre