Hard as a Rock
Hard as a Rock Singel av AC/DC frå albumet Ballbreaker | ||
B-side |
Caught with Your Pants Down | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1995 | |
Innspelt | 1995 | |
Studio | Ocean Way (Los Angeles) | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 4:31 | |
Selskap | Elektra | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Rick Rubin | |
AC/DC-kronologi | ||
«Big Gun» (1993) |
Hard as a Rock | «Hail Caesar» (1996)
|
«Hard as a Rock» er ein song og ein singel av det australske hardrockbandet AC/DC. Han kom ut som opningssporet på albumet deira Ballbreaker, gjeve ut i 1995. Han vart deira andre nummer 1-låt på Album Rock Tracks-lista, etter «Big Gun» frå 1993. Liveopptredenar er òg inkluderte på tre av konsert-DVD-ane til AC/DC, No Bull (kor ein lydversjon finst på den australske turnéutgåva av Stiff Upper Lip), Stiff Upper Lip Live og Live at the Circus Crown, som finst i luksusutgåva av 2009-boksen Backtrack. Ein live-versjon som vart spelt inn under Stiff Upper Lip-turneen i 2001 på Stade de France i Paris, finst på DVD-en Plug Me In frå 2007. Han er òg med i filmen Battleship] frå 2012, saman med «Thunderstruck».
Musikkvideo
endreMusikkvideoen til denne songen vart regissert av David Mallet, og vart spelt inn i Bray Studios i Windsor i Berkshire. Mange fans samla seg for å vera med i denne videoen, og kan sjåast framfor scena, og òg bak gitteret som omgir scena banda spelar på. I videoen ser ein òg gitaristen Angus Young spela på sin Gibson SG på ei rivningkule, som øydelegg ein bygning. Angus Young hadde tidlegare uttalt i dokumentaren at han hadde høgdeskrekk når han gjorde dette. Videoen kan sjåast på DVD-versjonen av No Bull frå 2000 (som òg inneheld dokumentaren om korleis videoen vart laga) og boksettet Backtrack'.
Innhald
endre- CD-singel
- «Hard as a Rock» – 4:30
- «Caught with Your Pants Down» – 4:14
- 7-tommar singel
- «Hard as a Rock» (albumversjon) – 4:30
- «Caught with Your Pants Down» (albumversjon) – 4:14
Medverkande
endre- Brian Johnson – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal
- Phil Rudd – trommer, perkusjon
Salslister
endrelistee (1995) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[1] | 14 |
Belgia (Ultratop Vallonia)[1] | 30 |
Finland (Suomen virallinen lista)[1] | 1 |
Frankrike (SNEP)[1] | 26 |
Tyskland (Official German Charts)[2] | 25 |
Irland (IRMA)[3] | 28 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40 Tipparade)[4] | 16 |
Nederland (Dutch Single Tip)[5] | 7 |
New Zealand (RIANZ)[1] | 16 |
Noreg (VG-lista)[1] | 4 |
Sverige (Sverigetopplistan)[1] | 19 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[1] | 28 |
UK Singles (OCC)[6] | 33 |
US Mainstream Rock Tracks (Billboard)[7] | 1 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hard as a Rock» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «Hard as a Rock», in various singles charts Lescharts.com (Henta 14. april 2009)
- ↑ Den tyske singellista Musicline.de (Henta 14. april 2009)
- ↑ Irish Singles Chart Irishcharts.ie (Henta 14. april 2009)
- ↑ «AC/DC – Hard As A Rock» (på nederlandsk). top40.nl. Henta 18. juli 2021.
- ↑ «AC/DC – HARD AS A ROCK» (på nederlandsk). dutchcharts.nl. Henta 18. juli 2021.
- ↑ UK Singles Chart Official Charts Company (Henta 14. april 2009)
- ↑ Billboard allmusic.com (Henta 14. april 2009)